(16.10.2009)
Imponerande Kjøsnesfjorden Kraftverk er på det næraste ferdig
 |
| På det meste skal 12.000 liter vatn strøyme gjennom skovlane kvart einaste sekund |
Det er ikkje fritt for at det kriblar litt i magen på dei som får ta det enorme tunnelanlegget i Kjøsnesfjorden nærare i augesyn. Over to mil med tunnelar frå Kjøsnesfjorden opp til Trollavatnet og med forgreiningar oppå og inni fjellet er inntil vidare køyrbare. Men tunnelane er ikkje meint for bilar, og snart skal vegdekket fjernast. For på nyåret skal inntil 12.000 liter vatn strøyme gjennom anlegget – kvart einaste sekund.
Stort – men lite synleg
På det meste har kring 130 menneske arbeidd på anlegget, men no minkar det. Og når anleggsbrakkene forsvinn frå
Lunde i Kjøsnesfjorden i Jølster, er det ikkje så lett å sjå at Kjøsnesfjorden Kraftverk er eit storskala kraftverk. Det er tunnelane inni fjella som gjer at kraftverket kan vere stort og effektivt, utan at det er synleg for dei som ferdast på bilvegen gjennom fjorden.Kraftverket ligg mellom Lunde og Søgnesand. Inngangen ligg nokre hundre meter frå riksvegen mellom
Sunnfjord og Sogn, i det ein tek til på stigninga oppover mot
Fjærlandstunnelen. Tunnelen og forgreiningane inni fjellet
bringar inntil vidare arbeidsfolka til fjells.
Sette verdsrekord
Og det har vore ein effektiv arbeidsgjeng. Konsesjonen for anlegget vart tildelt i mars 2004, og hausten 2006 kom arbeidet i gang. Men etter tre års arbeid ligg anlegget heile fire månader framfor skjema. Undervegs er det sett verdsrekord i tunneldriving, då det vart bygd 176,8 meter tunnel på sju dagar. Dette vart gjennomført ved hjelp av to ti-timarsskift i sju dagar samanhengande.

Det er sett strenge krav til variasjonane i vasstanden i magasinet Trollavatnet.
Den gamle rekorden vart slått med 11 meter.I starten av september 2009 var fyllingskammera ferdige, og i midten av månaden var bekkeinntaka stort sett klare. Innan oktober vart tunnelane stengde og massane som no er brukte til veg vert fjerna i løpet av åtte veker.
Minkar flaum- og rasfåre
Kraftverket får vatnet frå 12 bekkar i fjella kring Kjøsnesfjorden. Ein del av dei vil dermed ikkje lenger vere synlege i dagen når produksjonen er i gang. Men den berømte vasspruten «Pissaren», der eit fossefall treff grunnen slik at ei søyle skyt opp i lufta, vil ikkje bli berørt.

Heliopterlandingplassen ved bekkeintaket på ei fjellhylle nedanfor Lundebreen er ikkje synleg frå Lundeskaret og Kjøsnesfjorden
Fordelen med å ta styringa over dei andre bekkane er at kraftverket vil bidra til å flaumregulere Jølstravatnet, og minkar rasfåren ved Kjøsnesfjorden. Sjølve inntaka, der bekkane vert ført inn i tunnelane, ligg stort sett på over 1.000 meter over havet, og vil ikkje vere synlege frå vegen, seier prosjektingeniør Kjell Johnny Kvamme
Enormt tunnelsystem
Trollavatnet på fjellet mellom Kjøsnesfjorden og Fjærland, er demt opp som magasin for vatnet, og rommar 35,4 millionar kubikkmeter vatn, tilsvarande 35,4 milliardar liter vatn eller 35.400.000 tonn
Fire bekkar vert leidde gjennom tunnelar fram til magasinet Trollavatnet. Ut frå vassmagasinet går det ein ny tunnel, som får følgje av endå ein bekketunnel litt lenger nede i fjellet. Eit godt stykke lenger nede møter vasstraumen frå magasinet ein tunnel som har samla vatnet frå sju andre bekkar, og saman utgjer dei ei stor elv som dundrar gjennom tunnelane ned mot kraftstasjonen inne i fjellet der energien vert gjort om til straum, før vatnet endar i Kjøsnesfjorden som er ein arm av Jølstravatnet.

Tunnelane vert spylt reine for vegmasse for å gjere klart for vatnet.
Innan utgangen av året skal det støypast ein stor propp som skal gjere at ikkje vatnet renn ut den nederste delen av det som i dag er bilveg, men at det i staden vert ført gjennom kraftstasjonen. Proppen skal herde i juleferien. Deretter er det klart for å sleppe til vatnet og starte testinga av anlegget før den offisielle opninga våren 2010.
12.000 liter i sekundet
Anlegget tek unna 12 kubikkmeter vatn i sekundet. Det betyr at 12.000 liter vatn eller 12 tonn går gjennom turbinen kvar einaste sekund når anlegget har full produksjon.

Det er sett strenge krav til variasjonane i vasstanden i magasinet Trollavatnet
For utanforstaånde er truleg tunnelsystemet det mest imponerande, med til saman 22 kilometer bygd av Veidekke Entreprenør, som også har laga bekkeinntaka. Andritz Hydro har ansvaret for å få på plass elektroinstallasjonane, med hjelp av ei rekkje underentreprenørar. Totalkostnaden er omlag 900 millionar kroner.
Doblar produksjonen
Kjøsnesfjorden Kraftverk er ei formidabel satsing for Sunnfjord Energi, og kraftverket gjer at energiselskapet kan doble produksjonen i forhold til i dag. Det kan levere 247 Gwh, medan dei eksisterande kraftverka leverer 250 Gwh. Kraftverket i Kjøsnesfjorden gjer at forsyninga av straum vil bli mykje tryggare enn i dag, i eit område som er utsett.

Når turbinen er festa her og kjem i drift, så doblar den kraftproduksjonen til Sunnfjord Energi.
Blant dagens kraftverk i Sunnfjord Energi er Brulandsfossen størst, men Kjøsnesfjorden Kraftverk vert åtte gonger større målt i effekt. Og det er same vatnet som vert brukt til kraftproduksjon tre gonger: Først i Kjøsnesfjorden, deretter på Moskog, og til slutt i Brulandsfossen før nedbøren frå Jølster hamnar i Førdefjorden.
Sunnfjord Energi AS eig 73 % og Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap (BKK) eig 20 % av Kjøsnesfjorden Kraftverk Grunneigarane eig 7 %, og inntekter frå kraftproduksjonen bidreg til å sikre busetnaden i området, med levande gardsbruk og eit velhalde kulturlandskap. I tillegg vil Jølster kommune få kring 8,5 millionar kroner årleg gjennom skattar og avgifter.
Kjøsnesfjorden Kraftverk:
- Produksjon totalt (GWh) 247
- Utbyggingskostnad (i mill. kroner) 900
- Byggetid i år 4
- Nedslagsfelt (km2) 33,7
- Bekkeinntak austover frå Trollevatnet 4
- Bekkeinntak vestover frå Grytevatnet 8
- Totalt magasinvolum (mill. m3) 35,4
- Brutto fallhøgde (m) 796
- Damvolum, betong (m3) 150
- Damvolum, steinfylling (m3) 167.000
- Tippar (m3) 610.000
< Fleire saker
|