(26.02.2010)
Vi brukar meir straum enn nokon gong. På same tid har straumproduksjonen på våre kantar gått ned fordi det ikkje har vore nok nedbør til å produsere like mykje vasskraft som før. Dessutan er ikkje linjenettet inn til vår del av Vestlandet godt nok til å overføre den ekstra straumen vi treng. Straumprisane er marknadsstyrte, og når straum blir mangelvare stig derfor prisane.
Media har hatt mange oppslag om straumprisane siste dagane, og alle samanhengane er ikkje like enkle å forstå. Det er rett at straumprisane har auka i det siste, og det er fleire årsaker til det. Den viktigaste årsaka er at vi har hatt ein kald og nedbørsfattig vinter. Dess kaldare det er, dess meir straum brukar vi for å halde varmen. Og dess meir vasskraft vi brukar, dess fortare tappar vi ned vassmagasina. Når det i tillegg har vore lite nedbør, så betyr det at vassmagasina våre er mykje meir nedtappa enn normalt.
Prisane er marknadsstyrte
Straumprisane er i stor grad styrt av tilbod og etterspørsel. Når etterspørselen i den nordiske marknaden aukar, så stig prisane. For også i resten av Norden har det vore kaldt og uvanleg høgt straumforbruk i vinter. Dessutan har ein stor del av kjernekraftproduksjonen i Sverige vore ute av drift. I tillegg virkar desse faktorane inn på straumprisane: mellombelse produksjonsavbrot og brot i nettet, prisane på CO²-kvoter og energi frå kol, olje og gass, og tilgangen på svensk kjernekraft.

Når lite nedbør fører til at vi produserer mindre energi på Vestlandet, må vi hente meir energi frå andre stader. Men på deler av Vestlandet vert kraftsituasjonen vurdert som stram, det vil seie at kraftsystemet i dette området er meir sårbart for langvarige feil og nedbør enn elles. Overføringa av energi frå andre stader er avhengig av at linjenettet toler det, og overføringslinene er sårbare dersom det oppstår feil.
For å sikre at leidningane vert utnytta best mogleg inn til området vårt har Statnett derfor skilt ut det vestlege Vestlandet som eige prisområde frå 15. mars 2010 og inntil vidare (prisområde 5 på kartet).
Med dei planlage 420 kV-linene mellom Fardal og Ørskog og mellom Sima og Samnanger vil vi i framtida få ei mykje tryggare forsyning slik at vi unngår den situasjonen vi no har hamna i.
To tilbod frå Sunnfjord Energi
Sunnfjord Energi AS leverer kraft i eigarkommunane Jølster, Gaular, Naustdal, Hyllestad, Solund, Fjaler og Førde. Innanfor kraftsal har selskapet to produkt: Kraft til marknadspris og kraft til fastpris.
MARKNADSPRISEN følgjer områdeprisen på kraftbørsen Nord Pool med eit påslag til Sunnfjord Energi AS på 1,2 øre. I tillegg kjem mva. Nord Pool, fungerer som ein marknadsplass for fysisk og finansiell omsetning av energi i dei nordiske landa. Kvar månad vert det berekna ein gjennomsnittspris frå kraftbørsen som vert justert for forbruket i vårt område i perioden. Resultatet ein då får kallar vi "vekta områdepris" og den vert grunnlaget for prisen ut til kunden for den månaden.
Døme:
Dersom prisen på kr. 1 pr. KWh, slik den var i slutten av februar, skulle halde seg ut mars, vil det medføre ei auka straumrekning for 1. kvartal på 2.500 kroner for ein husstand med årsforbruk på 20.000 KWh.
FASTPRIS er eit tilbod om å binde prisen på eit bestemt nivå i ein lengre tidsperiode. Vi tilbyr fastpris i eitt eller to år. Denne ordninga høver godt for dei som t.d må halde seg til eit budsjett, og ikkje har rom for å ha alt for store svingingar i straumprisen. Med fastpris unngår du at prisen stig når vi har slike periodar som no. Men med fastpris får du heller ikkje ta del dei lågaste prisnivåa.
Nettleiga kjem i tillegg for begge alternativa.
Meir enn nokon gong løner det seg å vere medviten korleis ein brukar straum:
< Fleire saker
|