(26.02.2010)
Meir enn nokon sinne løner det seg å spare på straumen. Her er eit par tips:
Senk innetemperaturen ei grad eller to. Du sparer mykje på å heller på deg eit klesplagg ekstra.
- Ikkje fyr for kråkene. Tett alle opningar der varmen slepp ut. Spa snø inntil grunnmuren for å isolere. Trekk for gardiner om natta for at ikkje varmen skal sleppe ut gjennom vindauga.
- Ver raskare enn vanleg i dusjen, og skru av vatnet når du såpar deg inn. La badekaret få vinterferie.
- Fyll heilt opp vaskemaskina eller oppvaskmaskina før du set den i gang.
- Slå av unødvendig lys, bruk sparepærer, og utnytt dagslyset ved t.d. å flytte skrivebord nærare vindauget.
- Ved matlaging bør du ikkje bruke større kjelar eller meir vatn enn naudsynt. Utnytt varmen på vedovnen ved å forvarme kjelane der.
Slå av elektriske apparat om natta (bruk hovudbrytaren på apparatet, ikkje fjernkontrollen).
- Bruk tidsur på motorvarmaren på bilen eit par timar om morgonen, ikkje la den stå på heile natta.
- Fleire sparetips finn hos Enova på nettet eller du kan ringe grønt nummer 800 49 003. Du kan også ta kontakt med oss i Sunnfjord Energi, for å få råd om straumsparing og t.d. vurdere om det vil løne seg med varmepumpe.
- Får du problem med å betale straumrekninga er det viktig at du tek kontakt med oss, slik at vi kan finne ei ordning.
Slik blir straumforbruket utrekna
Straumprisane er høgast på dagtid når det generelle forbruket og etterspurnaden er størst. Men for vanlege privatkundar vil det ikkje vere verd strevet med å ”snu døgnet”, dvs. prøve å overføre ein del av straumforbruket til natta i staden for dagen (t.d. bruke vaskemaskin og oppvaskmaskin om natta). Obligatorisk målaravlesing skjer kvar tredje månad, og prisen blir rekna ut frå gjennomsnittsprisen kvar månad. Men du kan gjerne lese av den første i kvar månad og legge inn tala her. (Du finn alltid Målaravlesing også i høgrekolonna på framsida på nettsidene våre.) For februar vil det dermed vere snittprisen for månaden som kjem på rekninga. Ved å registere avlesing den 1. i kvar månad vil du få avrekna ditt eige forbruk den aktuelle månaden.
- Derimot bør storforbrukarar med målarar som gjev avrekning kvar heile time vurdere om mogleg å leggje deler av straumbruken utanfor pristoppane.
Les også:
< Fleire saker
|