sidekart  |  ledige stillingar  |  kontakt oss
  Søk






 

 



Sunnfjord Energi tek opp sjøkabelen utanfor Sognefjorden
(30.06.2010)

Tidlegare i vår mista eit selskap ein 9 km lang sjøkabel i Sognefjorden utanfor Måren.

Sunnfjord Energi har i lang tid hatt eit internt prosjekt der vi har undersøkt sannsynet for at kabelen er intakt, og for å planlegge dei maritime operasjonane for å få kabelen opp av sjøvatnet.

Det har vore avklara med forsikringsselskapet som eig kabelen at vi kunne ta den opp.

På måndag ved middagstid vart 2400 meter sjøkbel tatt ombord i supplyskipet "BB Lifter". Etter spennande timar med å ta kabelen frå landfeste til båtfeste begynte opp-vinsjinga. Det er snakk om enorme krefter og lange lengder så det var ein krevjande operasjon. 6 av våre tilsette deltok, i lag med personellet på supplyskipet samt ein hjelpebåt. Personell frå Sunnfjord Energi målte at kabelen var intakt, og den er no transportert og lagt ut i Tollesundet der den skal erstatte ei luftline som skal skiftast ut i år. Denne lina har vore vanskeleg tilgjengeleg for vedlikehald.

Sjøkabelen er no forankra i landfesta på begge sider av Tollesundet, og båten er tilbake utanfor Måren og i gang med å ta opp ytterlegare 4000 meter kabel som skal gjerast klare til å erstatte utsett nett i Solund.

 




< Fleire saker

  Print  
 


  Login | Sunnfjord Energi | boks 123, 6801 Førde | Telefon 57 72 23 00 | Telefax 57 72 23 50 | E-post