sidekart  |  ledige stillingar  |  kontakt oss
  Søk






 

 



Sunnfjord Energi brukar sommaren til aktiv rekruttering av framtidas tilsette
(02.07.2010)

Sunnfjord Energi tek stadig inn fleire sommarvikarar, og i år har dei heile 18 unge menneske som skal fylle ulike roller i selskapet. Målet er å gjere ungdom under utdanning kjende med selskapet, og på den måten lettare kunne rekruttere framtidig arbeidskraft.

På ei samling for sommarvikarane i Sunnfjord Energi i slutten av juni, sa administrerande direktør Fredrik Behrens (biletet t.h.) i Sunnfjord Energi at kraftselskapet no har 120 tilsette, og at dei forventar ein del turnover i åra som kjem når dei eldste arbeidstakarane når pensjonsalderen. Personalsjef Marit Moene la til at dei fleire av ingeniørane deira er kring femti år, og derfor arbeider verksemda aktivt med å førebu rekruttering av nye.

Men det er ikkje berre ingeniørar energiverket treng. Då sommarvikarane presenterte seg viste det seg å vere eit stort spenn i kva dei jobbar dei skal gjere i sommar: To skal drive med jordplatemåling, ei skal vere reinhaldar, ei vikarierer for sekretæren, fleire skal vere hjelpemontørar og vedlikehaldsarbeidarar, ein jobbar med lagerstyring, ein skal lage ein risikoanalyse for montørar og maskinistar, og ei skal purre på målaravlesingar.


Ingen sure miner

Hanne Førde Midtbø (19) frå Førde skal jobbe med målaravlesing. I første omgang skal ho ringje og purre på avlesingar. Hus- eller hytteeigarar som har hoppa over målaravlesinga mange gonger kan vente seg ein telefon frå Hanne i sommar. Dei første gongene vert straumforbruket stipulert, men deretter må kraftselskapet vite kor mykje straum som faktisk er brukt.

– Ingen er sure når eg ringjer, i staden vert dei ofte litt flaue og beklagar at dei ikkje har lese av målaren, seier Hanne.

Når ho er ferdig med purrerunden skal ho ut og ta bilete av dei ulike målartypane og registrere dei.

– Til hausten då?
– Eg veit ikkje heilt endå kva utdanning eg vil ta, men søknadsfristen er i kveld så eg må bestemme meg fort. Det står mellom HMS-ingeniør, matematikklærar og studiar i energiteknologi.


Høgt og lågt heile sommaren


Stian Tefre (17) frå Førde skal halde fram som montørlærling i Sunnfjord Energi etter at han er ferdig som sommarvikar. Han har grunnkurs  i elektro, og skal ta fagbrev. Etter det reknar han med å ta ingeniørutdaning eller teknisk fagskule. Men først skal han høgt og lågt saman med erfarne montørar.

– Det vert nok ein del stolpeklatring, ja, seier Stian.
– Vi får heldigvis lov til å gjere det meste, og ikkje minst fordi eg har delteke på mange kurs i korleis vi skal utføre jobben tryggast mogleg. Det er klart det er arbeidsoppgåver som kan vere meir risikofylte enn om eg hadde site inne på kontor, men med rett verneutstyr og ved å følgje prosedyrane er ein trygg.

Stian fekk kjennskap til Sunnfjord Energi då han var der som utplassert frå skulen. I vår var han på intervju før han fekk tilbod om sommarjobb som hjelpemontør.

Kva er det som fascinerer med denne jobben?
– Eg tykkjer det er kjekt å arbeide ute,  med utfordrande arbeidsoppgåver både fysisk og teknisk. Dessutan er løna grei når ein er ferdig utdanna, sjølv om den ikkje er avgjerande.


Lite risikabel utdanning

Leif Gabriel Kapstad (24) frå Jølster tek master i sikkerheitsteknologi ved Universitetet i Bergen. Det går ut på å gjere risikovurdering i arbeidsprosessar, ved bruk av utstyr, når ein er eksponert for tekniske installasjonar, brann, gass og så vidare. I tillegg vurderer dei risikoen for miljøet.

Men i sommar skal han først og fremst vurdere risiko for montørar og maskinistar i Sunnfjord Energi. Selskapet har svært høge tryggleikskrav, og Leif Gabriel skal sjå på om tryggleiksnivået er godt nok ved ulikt arbeid, eller om det må vurderast tiltak.

Kvifor valde du denne studieretninga?
– Det var eigentleg litt tilfeldig, og linja var ikkje så kjent. Men då eg vart merksam på den såg eg at den opna for jobb i mange ulike bransjar. Metodane for risikovurdering er like. Og så lenge lovverket vert stadig strengare på dette området, så reknar eg dette for å vere ein sikker utdanningsveg.

Etter sommaren skal Leif Gabriel skrive masteroppgåve. Når han er ferdig utdanna har han lyst å flytte heim att til Jølster.

– Det er ikkje slik som mange trur at det er håplaust å flytte heim når ein har teke ei utdanning. Men det krev litt arbeid. Eg vart først merksam på at Sunnfjord Energi hadde bruk for min kompetanse på Framtidsfylket si karrieremesse i Bergen, då eg kom i prat med nettsjef Helge Robert Midtbø. Før det hadde eg ikkje tenkt at det var råd å få seg jobb i heimtraktene. Det var ein fin førstekontakt, og ein uformell  samtale på messa gjer underverk.


Fekk kontakt på karrrieremesse

Også kollega Kristoffer Magerøy (24) frå Førde fekk augene opp for Sunnfjord Energi som kompetansearbeidsplass på ei av Framtidsfylket sine karrieremesser.

– På karrieremessa får dei besøkande vite at bedriftene etterspør studentar med ulik kompetanse. Eg visste ikkje om at det fanst aktuell sommarjobb for meg hos Sunnfjord Energi før eg tok steget med å ta kontakt med dei på messa, seier Kristoffer.

– Det er svært gunstig å bruke Framtidsfylket sine informasjonsvegar; messer og nettside, dersom ein ønskjer å profilere ei satsing på ung arbeidskraft, og har spennande sommarjobbar å tilby. 

Kristoffer utdannar seg innan industriell økonomi og teknologileiing. Målet med prosjektet han jobbar på er å spare pengar for bedrifta, blant anna ved å gjere lagerstyringa betre. Han seier det er mykje som kan moderniserast i bedrifta, noko dei sjølve er klar over. Og Kristoffer har alt avdekka forbetringspotensial.

– Det er ei allsidig utdanning eg tek, som gjer at eg kan få jobb i mange ulike bransjar. Men Sunnfjord Energi er ein av dei arbeidsplassane som er mest aktuelle for meg dersom eg flyttar heim til Førde i framtida.

Det er andre året Kristoffer er sommarvikar i kraftselskapet. I fjor jobba han med eit vindkraftprosjekt.

– Årets samling med presentasjon av bedrifta og sommarvikarane var betre enn i fjor, og det var dobbelt så mange på samlinga i år. Det tyder på at Sunnfjord Energi ser behovet for å rekruttere ung arbeidskraft, og er inne i ei god utvikling.


Langsiktig rekruttering

Personalsjef Marit Moene seier at tilsetjinga av sommarvikarar er eit ledd i ei lang rekkje tiltak for å rekruttere kompetent arbeidskraft til bedrifta.

– Vi tykkjer vi har utvikla ein pakke med langsiktige rekrutteringstiltak der vi har ein dialog med dei unge frå dei går på ungdomsskulen fram til dei er ferdige med høgskuleutdanninga.

I tillegg til å ta inn sommarvikarar som blir kjende med verksemda, tek dei inn traineear, lærlingar og elevar som er utplasserte gjennom ungdomsskule og vidaregåande skule. Sunnfjord Energi brukar karrieremessene aktivt, men dei er også ute på skulane for å informere og rekruttere.

– Eg vil også trekkje fram at vi har inngått samarbeidsavtale med ”Ungt entreprenørskap” om å arrangere ”Gründercamp” med fokus på fornybar energi. Vi gjennomførte ein slik camp for først gong i fjor, og det var ein kjempesuksess som skal gjentakast i november i år, seier Moene.


Sommarvikarane fekk høve til å bli betre kjende med bedrifta og kvarandre på ei samliing i slutten av juni. Her er det adm. direktør Fredrik Behrens som fortel om historia til Sunnfjord Energi.




< Fleire saker

  Print  
 


  Login | Sunnfjord Energi | boks 123, 6801 Førde | Telefon 57 72 23 00 | Telefax 57 72 23 50 | E-post