(15.07.2010)
– Ingen andre årstider høver betre for straumsparing enn sommaren, seier nettsjef Helge Robert Midtbø i Sunnfjord Energi.
– For det første treng vi mindre elektrisk lys og oppvarming, vi kan tørke klesvasken utandørs, og brukar gjerne TV og andre hushaldningsapparat mindre. Ei medviten haldning til straumforbruket kan medføre tusenar i sparte straumutgifter i løpet av eit år.
Sommaren er også ei årstid med god tilgang på frisk frukt og grønsaker:
– Med slike ingrediensar kan ein til dømes lage ein god salat til middag, og slepp å bruke elektrisk varme. Skal ein ha kjøt eller fisk til, er grillen eit alternativ. Og er ein først utandørs får gjerne TV'en ein pause også, seier Midtbø, som har laga desse tipsa til straumsparing om sommaren:
Nettsjefens 10 tips for straumsparing om sommaren
1. Tørk klesvasken utandørs. Du kan spare mykje straum på å la tørketrommelen og tørkeskapet få ferie.
2. Ver merksam på termostatstyrte varmekjelder når du har vindu og dører opne
3. Skru ned varmtvannsberedaren til 65°C
4. Slå av varmepumpa når du reiser vekk
5. Skru ned eller av varmeovnar og varmekablar som du ikkje treng
6. Grill middag saman med naboen! Lag av og til måltid utan bruk av komfyren
7. Skru av utelampene i den årstida det likevel er lyst til seint på kveld
8. Utnytt dagslyset til arbeid og lesing, og slå av innelampar det ikkje er bruk for
9. Trekk ut kontaktane på TV og anna elektronisk utstyr når du er reiser vekk. TV-en bruker straum dersom du berre har slått den av med fjernkontrollen. Bruk også AV/PÅ-knappen på apparatet eller dra ut stikkkontakten.
10. Skru av TV og data og finn på noko kjekt utandørs
Og nokre klassiske straumsparingstips som gjeld året rundt
1. Ta kontakt med fagfolk og få ei utrekning på kor mykje du kan spare ved å installere varmepumpe.
2. Dersom ein har eit litt eldre husvære vil etterisolering ha god effekt, særskilt vil etterisolering av taket være effektivt. Det vil også hindre overoppheting av husvære på varme og solfylte dagar.
3. Byt til sparedusj.
4. Fyll oppvaskmaskina og vaskemaskina heilt fulle, og bruk økonomiprogram.
5. Senk innetemperaturen med ei grad.
6. Nattsenking av romtemperatur.
7. Skift til sparepære.
Sjå også:
< Fleire saker
|