sidekart  |  ledige stillingar  |  kontakt oss
  Søk






 

 



Om Kjøsnesfjorden Kraftverk

Kjøsnesfjorden Kraftverk er eit utbyggingsprosjekt for vasskraft i Jølster i Sogn og Fjordane. Ein tek i dette prosjektet sikte på å nytte noko av det vatnet som renn frå fjella rundt Kjøsnesfjorden.

Prosjektet fekk i mars 2004 tildelt konsesjon av stortinget, og anleggsarbeidet kom i gang Hausten 2006. Ein er no komne langt på veg i utbygginga, og det er forventa drift i Kjøsnesfjorden Kraftverk AS frå våren 2010.

 

Dette er det nest største vasskraftprosjektet stortinget har samtykka i så langt. I april 2009 vart det gjeve løyve til endring av planane for utbygginga, med ein produksjonsauke på om lag 19 Gwh i året. Totalproduksjonen kjem dermed opp på heile 247 Gwh pr. år.  

 

Grunneigarar med vassfallrettigheiter i utbyggingsområdet er deleigarar i kraftverket saman med Sunnfjord Energi AS og Bergenhalvøens kommunale kraftselskap AS (BKK).

 

Sjå nøkkeltal til høgre.

 

Gå hit for fleire tekniske spesifikasjonar og nøkkeltal.

 

 

 

 

 

 

 

 

Nøkkeltal

Produksjon totalt: 

247.0 GWh

 

Vinterproduksjon:    

110,2  GWh

 

Sommaroroduksjon:

117,6  GWh

 

Tilleggsproduksjon i nedstrøms kraftverk:

4,8 Gwh

 

Utbyggingskostnad:

559,0 mill.kr. (2000)

 

Utbyggingspris,  kr/KWh:

4,8  kr.  (2000)

 

Byggetid:      

4 år

 

 


  Logg inn | Sunnfjord Energi | boks 123, 6801 Førde | Telefon 57 72 23 00 | Telefax 57 72 23 50 | E-post