Kor mykje energi gir utbygginga av Kjøsnesfjorden?
I eit år der nedbør og temperatur ligg på eit normalt nivå, vil Kjøsnesfjorden kunne produsere rundt 247 GWh. Dette svarar til forbruket til omlag 20 000 menneske.
Kraftverket vil også gje ein effektauke på 56 MW, noko som er viktig i eit område som frå før av har låg produksjonskapasitet.
Kva vil utbygginga koste?
Det er berekna at utbygginga vil koste 559 mill. kroner (i 2000-kroner).
Kva med berømte ”Pissaren”
Den er ikkje berørt av utbygginga og vil renne som den har gjort. (sjå bilete)
Kva vil skje med fisket i Kjøsnesfjorden?
Det er gjennomført omfattande konsekvensutgreiing om dette spørsmålet. Svara er ikkje eintydige, men det er lite som tyder på at fisken vil bli skadelidande. Enkelte forskarar meiner at fisken blir endå betre.
Når kjem anlegget i drift?
Anlegget skal setjast i drift våren 2010.
Er ikkje utbyggingskostnaden for høg til at prosjektet vert lønsamt?
Utifrå sannsynlege prognoser for langsiktig kraftprisutvikling vil prosjektet gje ei tilfredsstillande lønsemd.
Korleis kan ein forsvare ei utbygging som ligg heilt inntil, og dels innanfor nasjonalparkgrensa?
Utbygginga imøtekjem verneomsynet i rimeleg grad ved dei tilpasningar og restriksjonar som både utbyggjar og NVE har gjort framlegg om, dersom utbygging vert realisert.
Omsynet til lokalsamfunnet sin rett til å utnytte eigne ressursar må vegast mot omsynet til ivaretaking av nasjonale verneverdiar gjennom nasjonalparken. Det er også komne signal frå sentralt hald at allereie utbygde vassdrag, som Jølstravassdraget, bør utnyttast mest mogleg rasjonelt.
Vil ikkje bekkeinntaka verte svært skjemmande ?
Bekkeinntaka ligg på vel 1000 moh. Terrenget flatar normalt noko ut i denne høgda, og ein vil ikkje kunne sjå sjølve bekkeinntaka og elvane ovanfor frå riksvegen og busett område, eller andre område kring Kjøsnesfjorden. Ein vil herifrå i liten grad sjå elvar som brått vert borte.
Kvifor byggjer de ut Kjøsnesfjorden?
Denne utbygginga vil gje eit viktig tilskot til den lokale kraftbalansen, med ein årsproduksjon på 247 GWh og installert effekt på 56 MW. Andel vinterkraft er 48 %.
Kraftverket vil syte for auka leveringstryggleik i eit utsett område, og har ei forsyningsmessig gunstig plassering. I tillegg vil anlegget bidra til auka flaumdemping, mindre rasfare og reduksjon av Co2-utsleppa sett opp mot importert kolkraft.
Jølster kommune vil årleg motta kring 8,5 millionar kroner gjennom skattar og avgifter, noko som vil kome lokalsamfunnet til gode.
Kraftverket vil også gje inntekter til grunneigarane, og dermed bidra til å sikre busetnaden i området. Velstelte gardsbruk vil med tanke på turisme og miljø vere å føretrekkje framfor nedlagde gardar, og er viktige for å sikre kulturlandskapet.
Kraftproduksjon er ei næring med tradisjon på Jølster. Jølstravassdraget har vore nytta til kraftproduksjon sidan 1914, og Jølstravatnet har vore regulert sidan 1952. I dag er tre kraftverk knytte til vassdraget.