sidekart  |  ledige stillingar  |  kontakt oss
  Søk






 

 
Vi kan passe huset ditt når du er vekkreist

Uroar du deg for kva som kan skje når bustaden din står tom? At tjuvar kan ta seg inn, eller at det kan byrje å brenne? Ver trygg! Sunnfjord Energi kan vakte huset for deg når ingen er heime.

 

Stadig fleire elektriske apparat får innpass i heimane våre, og utgjer ein potensiell brannrisiko. Det er heller ikkje kjekt å kome heim til eit hus der det er gjort innbrot.

Alarm frå Sunnfjord Energi gjer at du kan kjenne deg tryggare når du forlet bustaden.

  • Vi har førti eigne bilar, og kjenner kvar einaste adresse i Sunnfjord. Vaktsentralen vår er bemanna døgnet rundt, seier Dag-Rune Mallasvik i Sunnfjord Energi, som har lang erfaring med vaktordningar.
  • Når vi har installert alarm hos deg, vil brannvesenet bli varsla og rykkje ut dersom det skulle byrje å brenne. Om nokon prøver å bryte seg inn vil vi rykkje ut sjølve, og om naudsynt varsle politiet.

Eit abonnement på alarmtenesta hos Sunnfjord Energi er enkelt og trygt å forhalde seg til. Det inkluderer overvaking og varsling, montering av alarmane, betjeningspanel og fjernbetjening, to-vegs kommunikasjon med alarmsentralen, optisk røykdetektor, klistremerke for å varsle inntrengarar, innesirene, naudstraumsbatteri, fri utrykking uansett årsak, fri service og livstidsgaranti.

  • Alarmsystemet til Sunnfjord Energi er sjølvsagt forsikringsgodkjent. Sidan systemet overvakar både brann og innbrot vil bustadeigaren får rimelegare bustad- og innbuforsikring, seier Mallasvik.
  • Faktisk er alarmsystemet så trygt at vi dekkjer eigenandel på forsikringa opp til 5 000 kroner ved innbrot eller forsøk på innbrot.

Ta kontakt for meir informasjon

 


 


  Logg inn | Sunnfjord Energi | boks 123, 6801 Førde | Telefon 57 72 23 00 | Telefax 57 72 23 50 | E-post