Elsertifikat – for eit betre klima
Fornybardirektivet i EU som Norge er med på har denne målsetninga innan 2020:
• 20% ny fornybar produksjon
• 20% reduksjon i CO2 utslepp
• 20% redusert forbruk.
Målsetjinga er å auke produksjon av ny fornybar energi samtidig som ein skal redusere forbruket og ureininga til luft frå termisk kraftproduksjon.
Ein ønskjer meir utbygging av vasskraft, bioenergi og vindkraft, og reduksjon i bruken av olje, gass og kol til energiproduksjon.
Norge og Sverige har ei målsetjing om å skaffe 26,4 TWh ny fornybar energi innan 2020. Dette skal finansierast gjennom ei elsertifikatordning som vart vedteken ved Lov om elsertifikat 24.juni 2011 og som trer i kraft 1.januar 2012.
Straumkundane blir pålagt å kjøpe sertifikat for ein del av forbruket sitt, medan produsentar av fornybar energi får tildelt sertifikat i forhold til produsert mengde og får ei ekstra inntekt ved å selje desse.
Prisar pr. sertifikat vert avhengig av tilbod/etterspurnad i felles norsk/svensk marknad. I Sverige er prisen i dag om lag 18 øre/kWh. Med ein sertifikatpris på 20 øre/kWh vil eit hushald med årsforbruk på 20.000 kWh måtte betale kr. 120,- i 2012.
I praksis er det kraftleverandørane som kjøper inn sertifikata og krev inn kostnaden frå den enkelte forbrukar via straumrekninga.
Kva betyr dette for produsentane?
- Ny fornybar produksjon gir ekstra inntekt via elsertifikat
- Sertifikat vert tildelt i samsvar med registrert produksjon
(1 sertifikat pr 1000 produserte kWh)
Kva betyr dette for straumkundane?
- Kundane kjøper sertifikat tilsvarande ein %-andel av forbruket
- 2012: 3% av forbruket, stigande til 18,3% i 2020
- Etter 2020: Gradvis reduksjon til 1,8 fram mot 2035 (siste år).