Årsarkiv for 2015

Gjer tiltak for å redusere risiko for skadeflaum

Det er i år svært mykje snø i høgfjellet. For å redusere risiko for skadeflaum nedover vassdraget har Kjøsnesfjorden Kraftverk fått dispensasjon frå NVE til å avvike manøvreringsreglementet for magasin Trollavatn fram til 31. juli 2015. Magasinet vil bli halde nede for å kunne ta imot mest mogleg av vatnet når snøsmeltinga startar.  

Brua på Soleide er opna att

Sunnfjord Energi har sponsa rehabiliteringa av hengebrua på Soleide i Førde med nye stålkablar og stag. Alt gamalt er fjerna og erstatta av nytt materiell.

Tre kraftverk blør

Det skal leggast fram eit forslag til endring i lov om elsertifikat for Stortinget. Sunnfjord Energi reagerer på at når ein no endrar reglane for elsertifikatordninga blir tre kraftverk haldne utanfor, alle i Sogn og Fjordane.