Gå til innholdGå til toppen

100 år med kraftproduksjon i Jølstra

Førde Elektrisitetsverk vart skipa 16. mars i 1914 og i desember same år stod Brulandsfossen kraftverk og linjenettet til Førde ferdig.

Kristian Ulltang skreiv i ein avisartikkel 29. januar 1915 at «Dei hev prøvekøyrt maskinorne siste vika, og den 27. januar um kvelden lyste det elektriske ljoset for fyrste gong. Det er soleis paalag eit «jubileumsværk» meddi det hev vore bygt i 1914», og i Sogningen skreiv dei «Det var stor jubel i Førde torsdag aften da den store vakre bygd for første gang laa «overstraalet» av det elektriske lys».

Tenk deg for ei verd som opna seg for dei som fekk tilgang på elektrisk kraft? Og med det starta ei modernisering av Sunnfjord som har ført oss fram til der vi er no.

Tidsbiletet

I år markerer Sunnfjord Energi at vi snart har produsert kraft i 100 år i Jølstra-vassdraget.

Det finst mange kjelder som fortel om utviklinga i desse åra. Vi ynskjer å vise deg – kunden vår – korleis det står til med kraftproduksjonen og distribusjonen i Sunnfjord, i det vi nærmar oss 100 år sidan elektrisiteten for første gong lyste opp stovene i Førde.

Sunnfjord Energi gir no ut eit hefte der vi har samla intervju med personar som har prega utviklinga i seinare tid. Desse gjev eit tidsbilete av Sunnfjord Energi, og den lokale kraftbransjen, i 2014. Slik skaper vi også ei ny kjelde for framtidas historieforståing.

Den lokale drivkrafta

Sunnfjord Energi er ei lokal drivkraft ved å sikre moderne elektrisitetsforsyning i dei sju kommunane der selskapet har sitt virke. I tillegg har vi tatt vare på arven og held eldre kraftstasjonar godt i hevd. Dei siste åra har vi også utvida kraftproduksjonen. Det største løftet her var Kjøsnesfjorden Kraftverk som kom i drift i 2010, og dobla kraftproduksjonen i selskapet.

I dag er vi eit mellomstort energiverk i Norge: «Vi er små blant dei store og store blant dei små», og vi driv vår verksemd moderne og framtidsretta. Vi er inne i ei tid med rivande utvikling som stiller store krav til kompetanse og vilje til å vere tidleg ute med løysingar. I Energihuset har vi samla mykje kompetanse. Ikkje berre i eige selskap, men også i dotterselskap som Enivest og hos leigetakarar som Serit Fjordane IT og Geomatikk.

Tilsette jobbar i eit arbeidsmiljø med stor spennvidde innan kompetanse, alder og oppgåver. Slik er vi moderne i ei tid der utviklinga går raskare enn nokon gong.

Med blikket retta framover

Vi er opptekne av framtidsbehova til kundane, eigarar og tilsette. Det å ha blikket retta framover er heilt avgjerande for å klare det. Fornybarsamfunnet stiller nye krav som gir mykje større innslag av avanserte data- og kommunikasjonsløysingar enn det vi har hatt tidlegare. Høg tryggleik, god beredskap og rasjonell drift er eit avgjerande fundament for å planlegge framtida og gjennomføre strategien.

VFredrik Behrensi har snart bak oss 100 spennande år med vekst og utvikling i Jølstra. No ser vi fram mot dei neste 100 åra. Den reisa gler vi oss til, saman med kundane og lokalsamfunnet vårt.

 

Fredrik Behrens
Administrerande direktør

 


Fleire smakebitar frå jubileumsheftet:

Sjå heile jubileumsheftet:

Du kan også laste ned heftet som PDF: