Gå til innholdGå til toppen
Kraftverk med rørgate fra ca 1920

Førde kraftverk ved Brulandsfossen.

130 år med straum i Noreg

I dag vert straumens dag markert.

I år er det 130 år sidan Noregs første kraftverk med privatkundar starta opp. Sidan den gong er det bygd over 1000 kraftstasjonar, og eit kraftnett som i lengde går nær åtte gongar rundt ekvator.

Produksjonssjef i Sunnfjord energi, Olav Osvoll. Foto: NRK

Produksjonssjef i Sunnfjord Energi, Olav Osvoll. Foto: NRK

Straum er viktig i dag — og vert enda viktigare i morgon for å løyse utfordringane knytt til klima og miljø. Difor vert straumens dag merkert fredag 23. januar, både i Noreg og resten av Norden.

Det er òg 101 år sidan Sunnfjord Energi starta produksjon av straum i Brulandsfossen, som frå januar 1915 forsynte straumnettet i Førde. Dette kan du lese meir om i vårt jubileumshefte.

— Sunnfjord Energi har hatt ein sentral rolle i utviklinga av Sunnfjord som region dei siste 100 åra. Den rolla skal vi også ha fremover, seier produksjonssjef Olav Osvoll i Sunnfjord Energi.

Verdas første vasskraftverk var bygd i Noreg — berre tre år etter at Edison fann opp lyspæra. Den gong gav kraftverket straum nok til å drive åtte lamper. I dag kjøpar vi 10 millionar elektriske apparatar kvart år i Noreg.

— Eit samfunn utan straum i dag er vel mest utenkeleg, seier Osvoll.

— Næringslivet hadde vore utan maskinar til produksjon, butikkane hadde vore utan lys, datasystem og varme. Sjukehusa hadde vore utan røntgenmaskinar og avansert operasjonsutstyr — nei, eg trur ikkje eit slikt samfunn ville vore nokon triveleg plass, seier han.

Sunnfjord energi driftar eit stort ledningsnett. her er montørar i arbeid på Hafstadfjellet. Foto: Oskar Andersen

Sunnfjord energi driftar eit stort ledningsnett. her er montørar i arbeid på Hafstadfjellet. Foto: Oskar Andersen

Straumen har blitt ein sjølvsagt del av kvardagen vår. Sjølv om han er usynleg, er straumen svært viktig — og nettopp difor vert straumens dag markert i dag. Mange har allereie delt si #strømglede på Instagram og Facebook. Det vert i tillegg markeringar fleire stader i landet.

Heile 98 % av norsk straumproduksjon kjem frå fornybare kjelder som vatn- og vindkraft. Det betyr at vi ikkje belastar klimaet når vi nyttar straum.

— Hadde resten av Europa fulgt etter Noreg med like mykje fornybar energi, hadde det gitt ein enorm miljøgevinst. Mykje av kraften som vert produsert i Europa kjem framleis frå gass- og kolkraftverk, som slepp ut skadelege klimagassar, seier Osvoll.

— Sunnfjord Energi har ein lang historie med fornybar energi, og det skal vi fortsette med i framtida. Vi ynskjer å være ein drivkraft i Sunnfjordregionen, og bidra til fortsatt vekst gjennom berekraftig og fornybar energi, seier han.