Gå til innholdGå til toppen

132 kV Hålandsfossen – Lutelandet

Sunnfjord Energi AS har fått konsesjon til å byggje og drive ein om lag 29 km lang 132 kV kraftleidning frå Hålandsfossen transformatorstasjon til Lutelandet transformatorstasjon i Fjaler.

Kraftleidninga skal følgje omsøkt trasealternativ 1-3-1, og skal byggjast med stålmaster fra Hålandsfossen til vestsida av Rennestraumsvatnet om lag 5,5 – 7 km, med tremaster på resten av strekninga fram til Lutelandet.

NVE gir samstundes Sunnfjord Energi løyve til å byggje og drive ein transformatorstasjon på Lutelandet og eit 132 kV koplingsfelt i Hålandsfossen transformatorstasjon.