Gå til innholdGå til toppen

4.500 drakter søkjer nye eigarar

BKK/Sunnfjord Energi gjev drakter og idrettstøy til aldersbestemte klassar innan fotball, handball, basket og volleyball. Send ein søknad. Farge bestemmer laget sjølv. Det er også mogleg å søkje om idrettstøy til andre sportsgreiner.

Når du sender søknad kan du sjølv bestemme farge, merke osv. for idrettslaget. Du får m.a.o. det draktmerket og dei fargane som høyrer til dykkar idrettslag. Drakta vert i tillegg utstyrt med stor BKK-logo, men det er god plass til logoar frå andre sponsorar.

Det vert delt ut maksimalt 14 spelardrakter pluss keeperdrakt per lag. Viss det er ønskjeleg med fleire drakter må laget betale mellomlegget.

Send søknad om draktsett

Sunnfjord Energi har gjennom mange tiår vore ein lokal støttespelar for lag og organisasjonar i Sunnfjord Energi sitt forsyningsområde. Sunnfjord Energi og BKK fusjonerte frå oktober 2019. Vi er glade for at fusjonen medfører ein auke i støtte til lag og organisasjonar i Sunnfjord og ytre Sogn. Utdeling av draktsett til lag i BKK sine eigar- og vertskommunar starta i 1997.

I tillegg til støtte til drakter støttar Sunnfjord Energi/BKK aktivitetar for born og unge i dei sju kommunane Førde, Jølster, Naustdal, Fjaler, Gaular, Hyllestad og Solund, sjå: Sponsorat og samfunnnsanvar