Gå til innholdGå til toppen

8,8 millionar kroner i utbyte frå Sunnfjord Energi AS

Styret i Sunnfjord Energi AS har foreslått eit utbyte på 8,8 millionar for 2014.

Styret vurderer at utbytet er forsvarleg med omsyn på å sikre selskapet finansiell styrke til å gjennomføre framtidige investeringar.

Årsresultatet for konsernet Sunnfjord Energi AS viser eit underskot på 5 millionar kroner for 2014. Dette er 9,5 millionar kroner lågare enn det selskapet varsla som førebels årsresultat 23.2.2015.

Endringa skuldast at berekna skattekostnad er auka. Den rekneskapsmessige årsak til dette er justering av estimat for når tidlegare underskot kan nyttast til reduksjon av framtidig grunnrenteskatt.

Til samanlikning var årsresultat i 2013 eit overskot på 56 millionar kroner. Selskapet sitt driftsresultat for 2014 vart 46 millionar mot 131 millionar i 2013.

Det låge resultatet skuldast låge kraftprisar, lågare inntektsramme på nettverksemd og mindre kraftproduksjon enn tidlegare år.

Sunnfjord Energi AS var tidleg ute med å forutsjå låge kraftprisar, og i 2012 vedtok ein å halvere utbytenivå for komande år. Dette gjorde ein for å kunne gi eigarane eit stabilt og forutsigbart utbyte trass i svingingar i kraftprisar og årsresultat. Utbyte for 2014 er ytterlegare redusert.

Last ned:
Årsrekneskap 2014 for Sunnfjord Energi AS (PDF)

Kontaktpersonar for media