Gå til innholdGå til toppen

Auka produksjon og låg kraftpris i første halvår 2015

Driftsresultatet på konsernnivå i Sunnfjord Energi pr. 30. juni 2015 er 30,3 millionar kroner. Dette er ein
auke på 8 millionar kroner samanlikna med første halvår 2014.

Forretningsområda kraftproduksjon, nettverksemd og kraftomsetning bidrar alle til resultatforbetring.

Konsernet består av selskapa Sunnfjord Energi AS, Kjøsnesfjorden Kraftverk AS, Fossheim Energiverk AS og
Enivest AS. Konsernet sine forretningsområde er kraftproduksjon, kraftomsetning, nettverksemd og telekom.

Første halvår 2015 har konsernet hatt ein kraftproduksjon på 232 GWh. Produksjon i samme periode i fjor var 183
GWh. Oppnådd pris på produsert mengde er vesentlig redusert samanlikna med foregående år.

Adm.dir. Fredrik Behrens seier at han er nøgd med at nettverksemda, breibandverksemda og kraftomsetninga
leverer betre enn fjoråret. Kraftproduksjonen har produsert meir enn venta, men er påverka av låge prisar.

– Vi ser at kraftprisane held seg låge og derfor er vi svært nøgde med at konsernet frå neste år får elsertifikat for
produksjonen frå Kjøsnesfjorden, seier Behrens. – Den endra lova om elsertifikat vart vedteke i juni og har løfta
trua på framtida til kraftproduksjonen i konsernet, legg han til.

Resultat etter skatt er 20,4 millionar, ein auke på 16,8 i høve til same periode i fjor. Deler av auken skuldast
endra estimat for framtidige fallrettplikter i Kjøsnesfjorden Kraftverk AS.

Utsikter framover

Styret ventar eit driftsresultat for konsernet som er noko betre enn 2014, då det var 46,3 millionar kroner.

Konsernet har storparten av kraftproduksjonen sin i andre halvår, og utvikling i kraftpris vil ha stor betydning for
driftsresultatet ved årsslutt.

– Gjennom sommaren har kraftprisen falle til eit svært lågt nivå, og vi ventar låge kraftprisar også utover hausten.
Dette er ei utfordring for selskapet, men hyggeleg for kundane som betaler mindre for straumen. Årsakene til låg
kraftpris er at det er stor tilgang på energi i marknaden, seier Behrens.

I tredje kvartal er Sunnfjord Energi pålagt nedregulering av produksjonen. Pålegget skuldast manglande kapasitet
i straumnettet i Sogn og Fjordane som følgje av bygging av ny sentralnettlinje gjennom fylket.

– Kor stor effekt produksjonsnedreguleringa får på årsresultatet blir avhengig av både kraftpris og
nedbørsmengde i perioden, seier Behrens.

Trykk på bildet for større versjon.

Trykk på bildet for større versjon.

Kontaktperson:
Adm. dir. Fredrik H. Behrens, tlf. 900 80 055