Gå til innholdGå til toppen

Godt resultat som følgje av høgare kraftpris og auka overføringsinntekter

Konsernet Sunnfjord Energi fekk eit årsresultat 92 millionar i 2016 mot 35 millionar i 2015. Alle forretningsområda, og særleg kraftproduksjon og nett har bidrege til auka resultat.

Morselskapet Sunnfjord Energi AS fekk eit årsresultat på 48 millionar mot 6 millionar i 2015.

Auka kraftprisar, høgare produksjon og tildeling av elsertifikat til Kjøsnesfjorden Kraftverk har medført vesentleg høgare driftsinntekter enn i 2015. Kraftproduksjonen leverer høgt overskot til tross for nedskriving av anleggsmidlar med om lag 26 millionar. Høgare inntektsramme for
nettdrifta kombinert med stabile kostnadar, har også løfta driftsresultatet for dette forretningsområdet vesentleg i høve til fjoråret.

Finanskostnader er uendra for mor, men har for konsernet auka samanlikna med i fjor. Dette skuldast i hovudsak at ein i 2015 hadde inntektsføring av estimatavvik på fallrettsplikter i Kjøsnesfjorden Kraftverk AS på om lag 37 millionar. Estimat på fallrettsplikter er avhengig av
framtidssyn på kraftpris. Tilsvarande vurdering i 2016 gav inntektsføring på om lag 5 millionar.

Last ned:
Årsrekneskap 2016 for Sunnfjord Energi AS (PDF)

Kontaktpersonar for media