Gå til innholdGå til toppen

Brua på Soleide er opna att

Sunnfjord Energi har sponsa rehabiliteringa av hengebrua på Soleide i Førde med nye stålkablar og stag. Alt gamalt er fjerna og erstatta av nytt materiell.

soleide-2Arbeidet er utført av Einar Bergum og Jørund Hammersvik (biletet).

Innkjøp og tilpassing av stag er gjort av Øyvind Sagevik.

Tre- og betongarbeidet er gjort av Åsen Øverlid AS.

– Resultatet er svært bra, og vi er sikre på at mange i Førde no vil gle seg over at brua er opna att, seier produksjonssjef Olav Osvoll i Sunnfjord Energi, og rettar samtidig ei stor takk til alle dei involverte for vel utført arbeid.

soleide3