Gå til innholdGå til toppen

Endring i leiinga i Sunnfjord Energi

Fredrik Behrens går etter eige ønske av som administrerande direktør i Sunnfjord Energi med verknad frå 6. september. Nettsjef Arild Fleten er konstituert i stillinga fram til 31. desember 2019.
Foto av adm. direktør Fredrik H. Behrens i Sunnfjord Energi.

Fredrik H. Behrens går av som adm. dir. Sunnfjord Energi.

Frå september vert Sunnfjord Energi fusjonert med BKK. Det medfører også at deler av oppgåvene til administerande direktør fell bort. Behrens vil halde fram i arbeid til han går av for aldersgrensa på 70 år om litt under to år.

— Eg har hatt elleve flotte år som leiar i Sunnfjord Energi og er stolt over det vi har fått til saman. Vi har ein svært kompetent arbeidsstokk, og eg meiner dette er det rette tidspunktet for å gi stafettpinnen vidare, seier Fredrik Behrens.

Behrens vil gå inn i ei rolle som seniorrådgjevar i Kommunikasjonsstab i BKK, der han skal jobba med rammevilkår og prosjekt for konsernleiinga. Han vil vere tilsett i Sunnfjord Energi ut året, og arbeidsforholdet vert formelt overført til ny arbeidsgjevar som ein del av verksemdsoverdraginga ved årsskiftet.

Arild Fleten, nettsjef i Sunnfjord Energi, overtek oppgåvene til Behrens.

Arild Fleten vil overta dei oppgåvene som framleis vil liggje til stillinga som administrerande direktør i Sunnfjord Energi. Han vil behalde rolla som Nettsjef.

Behrens vil halde fram som styreleiar i Enivest AS.