Gå til innholdGå til toppen

Feil SMS eller velkomstbrev om straumsal

I samband med flytting av kundar over i eit felles system fekk fleire kundar den 1. april dessverre eit velkomstbrev eller -sms. Den meldinga inneheldt fleire feil, og vi ber deg sjå vekk frå den. Du vil få ny informasjon frå oss.

Bakgrunnen for informasjonen er at selskapa Sogn og Fjordane Energi og Sunnfjord Energi i januar 2018 gjekk saman om felles sal av straum. Det nye selskapet er eigd både av Sogn og Fjordane Energi og Sunnfjord Energi. Vi har inntil vidare valt å bruke SFE Kraft som merkenamn på dette selskapet.

Som kunde i det nye felleseigde selskapet, beheld du dei same vilkåra som før, det vil seie same type avtale til same pris.

Les meir: Vi går saman med SFE om sal av straum