Gå til innholdGå til toppen

Vi går saman med SFE om sal av straum

Sunnfjord Energi og SFE har funne tonen, og bestemt oss for å gå saman om å levere straum til deg. Du blir med det ein av rundt 32 000 kundar som får ein større, engasjert og lokal straumleverandør.

NB! I samband med flytting av kundar over i eit felles system fekk fleire kundar den 1. april 2018 dessverre eit velkomstbrev eller -sms. Denne informasjonen inneheld dessverre fleire feil og vi ber deg sjå vekk denne.

Kanskje har du allereie høyrt at Sunnfjord Energi og SFE er i samtalar om å slå saman sine verksemder innan kraftproduksjon og straumnett, men den informasjonen du no les gjeld berre dei delane av verksemdene som sel straum til privatkundar og bedrifter. Utgreiingane om kraftproduksjon og straumnett held fram.

Bestill straum frå SFE Kraft

Når og korleis vil du som straumkunde merke noko til endringa?

Dei første par månadane vil du truleg ikkje oppleve den store forskjellen, då mykje av arbeidet hos oss vil bestå av å samordne våre interne kundesystem og -databasar. Denne samordninga håpar vi å få til utan at du som kunde merkar noko. Etter kvart vil du sjå ein ny logo på fakturaen din. Vi har inntil vidare av praktiske årsaker valt å bruke SFE Kraft som merkenamn. Steg for steg skal vi bli stadig betre saman. Målet er å vere straumleverandøren du ikkje ønskjer å byte ut.

Kvifor meiner vi dette er rett for oss, og bra for deg?

  • God pris: Vi får fleire kundar å dele kostnadane på. Dette vil gjere oss i stand til å gi deg som kunde ein konkurransedyktig pris – også i åra som kjem.
  • God kundeservice: Vi får eit større fagmiljø for kundehandsaming, og fleire som kan hjelpe deg når du treng det. Dei seinare åra har SFE Kraft hatt topplasseringar innan kundeservice i nasjonale kåringar (Polarfakta), og ambisjonen vår er at vi saman skal vere ein av dei aller beste på kundeservice blant norske straumleverandørar.
  • Betre kundekommunikasjon: Eit større fagmiljø vil dessutan gjere oss i stand til å tilby nye, digitale kommunikasjonsflater som vil kunne styrke dialogen med deg som kunde.
  • Lokalt alternativ: Du vil framleis ha høve til å handle straumen lokalt – hos eit selskap som skapar verdiar for lokale eigarar og som engasjerer seg i lokalsamfunnet ditt.

Vi som jobbar her er ivrige etter å vere ein best mogleg straumleverandør for deg, og håpar du ønskjer å vere kunde hos oss i mange år framover.

 

Sjå også: