Gå til innholdGå til toppen

– Folk er den viktigaste fornybare ressursen vår

Det er lett å tru at vasskraft er den viktigaste ressursen til Sunnfjord Energi. Men utan kloke hovud og flinke hender til å forvalte vasskrafta, så vitrar verdiane bort. Jakta på desse kloke hovuda var kimen til eit nytt høgskulestudium i Førde.
marit-moene

– Vår viktigaste fornybare ressurs er folk, seier personalsjef i Sunnfjord Energi, Marit Moene. I bakgrunnen står studentane Vanessa Cristal Salvador Eide og André Gjesdal Håkonshellen i elkraftlaboratoriet på Kronborg i Førde.

Den lokale kraftbransjen var nemleg sentrale i å få eit nytt el-ingeniørstudium opp og gå på Høgskulen i Sogn og Fjordane si avdeling i Førde.

– For vår del dukka tanken opp i eit møte vår tidlegare nettsjef, Helge Robert Midtbø og eg hadde. Sunnfjord Energi søkte etter folk med bachelor i el-kraft, men vi sat att med eit så tynt søkjargrunnlag til stillingane at vi byrja å diskutere korleis vi skulle løyse rekrutteringsproblemet. Ein av tankane vi gjorde var at vi skulle hatt ei lokal el-ingeniørutdanning, seier Marit Moene, personalsjef i Sunnfjord Energi.

Og den tanken var det fleire i kraftbransjen som hadde.
– Ideen sprang ut frå kraftselskapa i Sogn og Fjordane, som såg eit veksande behov for elkraftutdanna ingeniørar. Og det er ikkje berre vår bransje som vil ha tak i desse ingeniørane, det er ein hard kamp om folk med slik kompetanse, seier Moene.

Brei støtte

Eit potensielt elkraft-ingeniørstudium fekk raskt brei støtte i næringslivet. I 2011 var Sunnfjord Energi og SFE blant aktørane som garanterte for 12 millionar kroner, som skulle bidra til å skaffe arbeidskraft på eit felt som skrik etter ingeniørar.

– Første kullet byrja på studiet ingeniør elektro- energi, elkraft og miljø i 2012. Forkurs og første året er felles på alle ingeniørutdanningane i Førde, så kan ein dei to siste åra spesialisere seg innan energiforsyning, seier ho.

– Sunnfjord Energi og andre kraftselskap bidreg finansielt. Men vi er også inne på andre vis: Vi bidreg med gjesteforelesarar, støtte til fagleg utvikling av programmet, vi tilbyr studentane sommarjobb, og bidreg med prosjekt- og bacheloroppgåver. I tillegg er vi aktivt inne i rekruttering av så vel lærekrefter som studentar til studie, fortel ho.

Etterkvart kom fleire aktørar til for å hjelpe med finansiering. Hausten 2013 kom lovde kunnskapsminister Kristin Halvorsen finansiering av 20 nye studieplassar til bacheloren i el-fag over statsbudsjettet. Og for å gjere studiet så relevant og attraktivt som mogleg, gjekk ein og til anskaffing av den mest moderne el-laben i Norge.

– El-laben gjev studentane god og relevant trening for arbeidslivet. Den kosta åtte-ni millionar kroner, og vart gjort mogleg blant anna med støtte frå kraftbransjen og Sparebanken Sogn og Fjordane. El-laben vart etablert på Fagskulen i Førde, og vert nytta både av Fagskulen og Høgskulen i undervisninga. Planen er at den også skal kunne nyttast til kursing, slik at våre tilsette lettare kan få vedlikehalde kunnskapane sine, seier ho.

Styrkar kjernekompetansen

Moene er ikkje i tvil om verdien av studiet.

– Elkraft er Sunnfjord Energi sin kjernekompetanse, ein kompetanse vi har bygd opp gjennom 100 år. Skal vi vere her i 100 nye år er det kritisk å ha personar med fagkompetanse innan fagfeltet vårt: Produksjon og distribusjon av elkraft. Sunnfjord Energi og andre kraftselskap må ha kloke hovud og flinke hender, slik at vi kan utnytte ressursane som ligg utom stovedøra vår på ein god og bærekraftig måte, og som både bidreg til verdiskaping og tek i vare naturen, seier ho.

Folk er vår viktigaste ressurs. Den må vi ta vare på, foredle og vidareutvikle. I det perspektivet er elkraftstudiet viktig.

Sunnfjord Energi har 25 ingeniørar på ulike fagområde. Behovet for nye er konstant.
– Snittalderen til ingeniørane er relativt høg, så i løpet av ein ti års tid vil nok mange av desse måtte erstattast, i tillegg til at vi treng fleire om vi skal halde fram å vekse som selskap. Vi har nok av regn og vatn. Men det er essensielt å ha menneske som kan forvalte krafta, maskinene og linjenettet vårt. Utan dei blir det inga verdiskaping. Folk er vår viktigaste ressurs. Den må vi ta vare på, foredle og vidareutvikle. I det perspektivet er elkraftstudiet viktig. Vi sår der no, i håp om å hauste i framtida, seier ho, og fortel kvifor det er så viktig å ha ein lokal rekrutteringsarena.

– Det er hard kamp om ingeniørar, frå mange bransjar, og det er ikkje like enkelt å lokke folk hit frå andre stadar i landet. Lokal forankring er ein viktig faktor for å lette rekrutteringsarbeidet. Det er lettare å få personar med røter her i frå til å ønske ei karriere her. Vi tenkjer at når lokal ungdom får utdanninga på heimebane, blir det lettare å få tak i dei som arbeidskraft. Det er årsaka til denne satsinga, seier ho. – Dei som har røter her blir også meir stabil arbeidskraft, og erfaring er viktig i kraftbransjen. Difor er lokal ungdom vår viktigaste ressurs. Sunnfjord Energi driv med langsiktig perspektiv, så kombinasjonen av folk med lokalkunnskap og fagkunnskap er viktig for oss.

Veksande behov

Studiet har eit stort potensiale for rekruttering framover.
– Utdanninga er treårig. Kvart kull har 15-20 studentar. Totalt er det 60 potensielle elkraftingeniørar i studiet per no, og første kull blir uteksaminert neste sommar, seier ho, og fortel at dei alt har byrja bli kjent med studentane.

– I år kjem fem studentar frå det første kullet på studiet inn som sommarvikarar i Sunnfjord Energi. Nokre av desse kjem frå yrkesfagleg utdanning, andre frå allmennfagleg retning frå vidaregåande skule. Vi legg opp til at dei som kjem utan praktisk yrkesutdanning i botn får vere med montørane ut i felten først, og så jobbar dei i lag med ingeniørane på ulike prosjekt etterpå. Målet er å lage kombinasjonar av erfaringar dei kan nytte seg av vidare i studiet.

Vår oppgåve er det vi kallar «lys i pæra»; alle skal ha straum til ei kvar tid slik at samfunnet og all infrastruktur fungerer.

– Kva kjem desse el-ingeniørane til å jobbe med når dei skal ut i arbeidslivet?
– Framover ligg det store utfordringar for Sunnfjord Energi i form av utvikling i nettet. Vi går mot eit meir fleksibelt straumsystem, og teknologisk utvikling vil medføre store endringar i korleis vi utnyttar ressursane. Mange av framtidas ingeniørar vil jobbe med planlegging knytt til dette arbeidet. Vi skal både bygge nytt nett, vedlikehalde det gamle nettet, og samstundes gå mot eit meir «smartare» nett. Vår oppgåve er det vi kallar «lys i pæra»; alle skal ha straum til ei kvar tid slik at samfunnet og all infrastruktur fungerer. Vi skal først og fremst sikre bustader, næringsbygg, sjukehus, industri og kommunikasjon. Ikkje minst telekommunikasjon som telefon, datanett, radio og TV skal fungere. Og vi skal unngå brot eller forstyrringar på forsyninga så samfunnet ikkje stoppar opp eller det oppstår skade på folk og utstyr. Sunnfjord Energi har høg oppetid i nettet. Bak dette ligg ein sterk innsats og eit kontinuerleg fokus på stabil forsyning og beredskap. Ingeniørane har difor også ei viktig rolle i beredskapsorganisasjonen vår, avsluttar Moene.


Fleire smakebitar frå jubileumsheftet:

Sjå heile jubileumsheftet:

Du kan også laste ned heftet som PDF: