Gå til innholdGå til toppen

Konsernrekneskapen viser resultat etter skatt på 35,5 millionar kroner

Konsernet Sunnfjord Energi har eit resultat etter skatt på 35,5 millionar kroner i 2015 mot eit underskot på 4,3 millioner kroner føregåande år.

Styret i Sunnfjord Energi AS behandla 21. april 2016 årsrekneskap for 2015. Konsernet består av selskapa Sunnfjord Energi AS, Kjøsnesfjorden Kraftverk AS, Fossheim Energiverk AS og Enivest AS. Konsernet sine forretningsområde er kraftproduksjon, kraftomsetning, nettverksemd og telekom.

Betre resultat enn fjoråret, men prega av låg kraftpris

Konsernet har resultat etter skatt på 35,5 mnok mot eit underskot på 4,3 mnok føregåande år.
Nettverksemd og kraftproduksjon bidreg til auka resultat samanlikna med same periode føregåande år. Kraftproduksjonen er prega av låg kraftpris, men produsert mengde er om lag 40 GWh høgare enn 2014, og konsernet har hatt inntekter på finansiell sikring av produksjon på om lag 6 mnok.

Konsernet var i 2014 prega av nedskrivingar av verdiar i dotterselskapet Kjøsnesfjorden Kraftverk AS som følgje av låge kraftprisutsikter. Kraftprisen har gått ytterlegare ned i 2015, men tildeling av elsertifikat til Kjøsnesfjorden Kraftverk AS frå 2016 løftar forventa framtidige kraftinntekter i selskapet, og bidreg til at ytterlegare nedskriving ikkje er nødvendig i 2015.

Finanskostnadar er vesentleg redusert samanlikna med føregåande år. Dette skuldast i hovudsak inntektsføring av estimatavvik på fallrettsplikter i Kjøsnesfjorden Kraftverk AS per 31.12 på om lag 36,5 mnok. Øvrige rente- og finanskostnadar er om lag uendra samanlikna med føregåande år.

Drift og investeringar

Konsernet har hatt ein produksjon på 507 GWh mot middelproduksjon for året på 517 GWh. Produksjon i 2014 var 468 GWh. Oppnådd pris på produsert mengde er vesentleg redusert samanlikna med føregåande år og konsernet har realisert ein snittpris på om lag 18 øre i 2015 mot 23 øre i 2014.

Konsernet si inntektsramme for overføringsinntekter er høgare i 2015 enn føregåande år. Driftskostnadsnivået for nettverksemda har ikke vakse i same takt, og dette medfører auka driftsresultat frå nettverksemda målt mot fjoråret.

Konsernet har reduserte inntekter frå kraftomsetning som følgje av låg kraftpris. Forretningsområdet gjev eit tilfredsstillende marginbidrag også i 2015.

Anna verksemd omfattar telekom, entreprenørverksemd, småkraft og sal av materiell. Telekom utgjer den største delen av dette forretningsområdet. Det har vore stor utbyggingsaktivitet i 2015, og vekst i tal kundar. Veksten i inntekter er motsvara av kostnadsvekst, og resultatbidrag frå telekom er på nivå med fjoråret.

Konsernet har føreteke investeringar i varige driftsmidlar på 123 mnok i 2015 mot 133,8 mnok føregåande år.

Balansesamandrag

Konsernet sin eigenkapital har styrka seg i 2015, som følgje av positivt årsresultat og nedgang i balanseført pensjonsforpliktelse. Estimatendring på pensjon er ført direkte mot eigenkapitalen.
Det er gjort utbyteavsetning til eigarane på 4 millonar kroner for rekneskapsåret 2015.

Resultat Sunnfjord Energi 2015

Tal i heile 1000 krKonsern 2015Konsern 2014
Driftsinntekter436 465449 677
Driftskostnader375 221403 360
Driftsresultat61 24446 316
Netto finanskostnader86245 510
Ordinært resultat før skatt60 381807
Skattar24 9085 093
Resultat etter skatt35 474- 4 287

Kontaktperson: Adm. dir. Fredrik Behrens tlf. 900 800 055