Gå til innholdGå til toppen

Fornybare moglegheiter i Solund

Med ein visjon om å vere ei lokal drivkraft i lokalsamfunna har Sunnfjord Energi gjennom mange år lagt til rette for gode prosjekt i sitt dekningsområde.

Med ei utbygging av vindkraft i Solund ønskjer selskapet å sikre trygg og effektiv
produksjon og distribusjon av rein og fornybar vindenergi.

Skjermbilde-2011-12-23-kl.-13.48.14

Illustrasjon av korleis vindmølleparken med turbinar og vegar kan ta seg ut frå sør.

Kraftforsyninga i Noreg har tradisjonelt vore prega av produksjon av vasskraft i indre strok av landet, med transport av straum til forbrukarar ute på kysten.

Politiske og vitskaplege krinsar over heile verda er i dag samde om at verdas utslepp av klimagassar må reduserast, og det er iverksett tiltak for å få fasa inn alternative energikjelder i tillegg til å endre energibruken.

Energibransjen, mellom andre Sunnfjord Energi, har i dei seinare åra hatt eit gryande engasjement og interesse for andre og nye alternativ, der vindkraftproduksjon i ytre strok skal bidra til å skaffe fornybar energi innover i landet.

Vasskrafta, som også er fornybar energi, er sårbar i høve nedbør og temperatur. Med gode og stabile vindforhold, som på Ytre Sula, vil vindkrafta kunne redusere behovet for å importere ikkje-fornybar energi frå utlandet i nedbørsfattige og kalde periodar.

– Vi såg tidleg moglegheitene innan vindkraft, og iverksette vindmålingar i Solundregionen allereie for over ti år sidan, seier administrerande direktør i Sunnfjord Energi, Fredrik Behrens.

 

Gjennom sitt engasjement i Vestavind Kraft AS og no Sula Kraft AS, er energiselskapet involvert i utbyggingsplanane for vindkraft på Ytre Sula. Grunnlaget for engasjementet har fleire sider:

behrens

Fredrik Behrens, adm.dir i Sunnfjord Energi

–  Vi har ei sterk fagleg interesse av å delta i utviklinga mot fornybarsamfunnet. Vi har kunnskap om energi og energiforsyning, og som nettselskap skal vi også sikre kraftforsyninga i vårt dekningsområde. Det er vårt ansvar å sikre at dei lokale ”blodårene”, kraftlinjene, går dit dei trengs og er i god stand, seier han.

Også eigarane forventar at energiselskapet engasjerer seg med næringsverksemd i lokalsamfunna, som ifølgje Behrens vil oppleve positive ringverknader av ei vindkraftutbygging. Auka aktivitet i næringsfattige område på kysten er positivt, og kan medverke til forretningsverksemd på stader som td. Solund.

Realisering av vindkraftanlegget på Ytre Sula vil skape stor lokal aktivitet, og berre for anleggsfasen er det i Sula Kraft AS si utgreiing stipulert eit tal kring 175 årsverk lokalt. Det er også venta at anna lokalt næringsliv vil dra god nytte av den auka aktiviteten i området.

–  I tillegg legg ein opp til at kommunen skal sikrast årlege inntekter når ein kjem over i driftsfasen. Dette vil kunne  utgjere eit solid økonomisk bidrag inn i kommuneøkonomien, avsluttar Fredrik Behrens.