Gå til innholdGå til toppen

Godt resultat i konsernet Sunnfjord Energi.

Konsernet Sunnfjord Energi hadde eit godt resultat i 2013. Overskot etter skatt vart 56 millionar mot 9 millionar i 2012.

Orkanen Dagmar, i romjula 2011, medførte auka driftskostnader som blei delvis kompensert frå NVE ved høgare inntektsramme i 2013. Inntektsramma var betydeleg høgre enn vi kan vente oss i åra framover, og er hovudforklaringa på det gode resultatet. Godt resultat frå breibandsatsinga i Enivest AS og effekt av arbeidet med å omstille morselskapet til meir effektiv drift har også bidrege til konsernresultatet.

Kraftproduksjonen i konsernet vart på 510 GWH, som er om lag normal produksjon og på same nivå som i 2012. Konsernet sine samla investeringar var 93 millionar mot 66 millionar i 2012. Det var høg tilgjengelegheit i alle anlegg.

Sunnfjord Energi står framfor store investeringar for modernisering av nettanlegg for energidistribusjon og tilknytt fjernkontroll. Produksjonsanlegga blir oppgraderte og selskapet har konsesjonssøkt prosjekt for utviding av produksjonen. Gjennomføringa blir sikra gjennom eit omfattande spareprogram, kompetanseoppbygging, reduserte utbyter og fokus på rett finansiering av verksemda. Styret tilrår difor eit moderat utbyte til eigarane på 13 millionar kroner.

For året 2014 er inntektsramma for nettverksemda langt lågare. Fallande kraftprisar i starten av året bidrar også til at resultatet er venta å bli vesentleg lågare i 2014 enn i 2013.

resultat-2013 (1)