Gå til innholdGå til toppen
Foto av helikopter frå Airlift på synfaring av høgspentliner.

Helikoptersynfaring langs linjenettet

Sunnfjord Energi gjennomfører i veke 50 og 51 i 2019 helikoptersynfaring langs alle høgspentlinjer i kommunane Flora, Naustdal, Førde, Jølster, Gaular, Fjaler.

Synfaringa vert gjort i vårt forsyningsområde i Sunnfjord og Ytre Sogn, og målet er å få oversyn over nettet sin tekniske tilstand og skog langs leidningane.

Meld frå om spesielle forhold

Helikopteret vil flyge lågt over linjene og dermed føre med seg noko støy. Dersom det er spesielle forhold som Sunnfjord Energi bør kjenne til,
kontakt overordna vakt på telefon 57 72 23 40,
eller Simon Fleten Mo på telefon 975 64 608.