Gå til innholdGå til toppen
Bilete av 420 kV-kraftlina og tidlegare linjenett i Flugedalen i Førde. (Foto: Arild Nybø, mediebruket.no)

Den nye 420 kV-kraftlina (t.h.) og eldre liner i Flugedalen i Førde. (Foto: Arild Nybø, mediebruket.no)

Kraftlinjer i stadig utvikling

Dei siste seksti åra har det vore ei enorm investering i linjenett i Sunnfjord Energi sitt dekningsområde. Og det er ei utvikling som berre vil akselerere inn i framtida.

– I byrjinga var Sogn og Fjordane seine med å få straum ut til alle husstandane. I 1940 var omtrent 40 prosent av befolkninga kopla på nettet, mot 75 prosent i resten av landet. Det var det fleire årsaker til, men mykje handlar om geografien vår og busetnadsmønsteret. Vi har òg fleire tettstadar som vart bygde opp på grunn av kraftproduksjon og kraftkrevjande industri.  Det var eit hardt og tungt arbeid å bygge linjenettet her i fylket. Før var folket i forsyningsområdet sjølv med og bygde linjene, i eit enormt dugnadsarbeid. Og i 1960 var så godt som alle innbyggarane kopla til straumnettet, fortel nettsjef i Sunnfjord Energi Oddvar Hatlem.

200 millionar kroner

Moderniseringa av samfunnet aukar stadig behovet for kraft og styrking av linjenettet. Saman med strengare krav til leveringskvalitet har det ført til store investeringar.
– Siste seks åra har Sunnfjord Energi investert 200 millionar kroner i utbygging av linjenettet. Utbetringstakta må faktisk auke, så investeringane må opp i åra som kjem. Vedlikehald og drift av eksisterande nett er det mest like stor kostnad med som det vi investerer for. Vi ser det som viktig å ha eit linjenett som taklar klimautfordringar vi står føre, og er veldig bevisste på leveringtryggleik, seier han. Difor har dei blant anna bygd ut doble linjer i det meste av forsyningsområdet:
– Slik at vi har minst to innfallsportar til alle kommunane våre. Om ei linje fell vekk, har vi høve til å rute rundt og få inn straum likevel. Meir robust nett og dobbel linjeføring fordyrar nettet vår, og det same gjeld naturen vår. Vi har mykje øyer og høge fjell, som ein må over eller rundt. Det er krevjande å bygge ut og halde ved like nett her, seier Hatlem.

– Sunnfjord Energi ønskjer å vere ein spydspiss for å få fiber ut i distrikta, og har investert 65 millionar kroner der dei siste åra. Og i tillegg har vi investert rundt 25 millionar kroner i å bygge koplingspunkt i nettet, som vi knyt til driftssentralen vår via radio eller fiber. Dermed kan vi styre kvart enkelt knutepunkt i straumnettet via driftssentralen, for å få straumen tilbake til kundane så raskt som råd ved eventuelle brot. Her har vi lagt ned eit stort arbeid, som har gjeve godt resultat.

– Siste seks åra har Sunnfjord Energi investert 200 millionar kroner i utbygging av linjenettet, seier nettsjef Oddvar Hatlem.

– Siste seks åra har Sunnfjord Energi investert 200 millionar kroner i utbygging av linjenettet, seier nettsjef Oddvar Hatlem.

Motorvegen på 420 kV

Neste åra står den nye 420 kV-linja klar gjennom Sogn og Fjordane. Ein «motorveg» med lokal «påkøyring» på Moskog, i Høyanger, Svelgen/Åskora og Sogndal.
– Den har alt å seie for området vårt! I utgangspunktet var ikkje Moskog tenkt som eit knutepunkt på linja. Men lokale krefter klaga, og fekk Statnett til å sjå kor viktig dette var for vår region. Utan den motorvegen for kraft som dette blir, hadde vi vore veldig låst framover. Vi ville hatt små høve til utvikling i området vårt innan kraftutbyggingar, men også når det gjeld industriutvikling. Og ikkje berre lokalt. Det nye stamnettet er vesentleg for utvikling innan industri og kraftutbygging i heile vest- og midt-Norge.

– Kva ville vore konsekvensen om ein ikkje fekk 420 kV-linja?
– Då måtte vi bygd om heile linjenettet vårt, og fordelt krafta utover i linjer med lågare kapasitet. Det hadde vore håplaust. Heldigvis såg NVE og Olje- og energidepartementet kor viktig dette var. Det vart lagt ned eit godt arbeid for å få Moskog som knutepunkt.

– Vi hadde heller ikkje fått krafta ut av fylket og vidare nedover Europa, og vi hadde vore meir sårbare på kalde vintrar. For 5-6 år sidan trudde ein at høge kraftprisar skulle sikre god utbygging av linjenettet, men det slo ikkje til. Kraftprisen gjekk ned, og innteninga var meir marginal. Det hemma linjeutbygging og la lokk på kraftutbygging. Men neste år forsvinn hovudproblemet i høve til å transportere krafta dit den trengs. No må vi berre bygge ut «tilførselsvegar» til «motorvegen», seier Hatlem og fortel at kapasiteten vil overstige behovet langt fram.

– Når 420 kV-linja er utbygd, vil ein ha den kapasiteten ein kan tenkast å ha bruk for i lang tid. Ein kan nesten ikkje tenkje seg at ein skal fylle kapasiteten 420 kV-linja gjev, seier han og held fram:
– Inntil den kjem har ein ikkje høve til å sende meir straum inn på linjenett. Så mange småkraftverk har måtte avvente utbygging. Berre i Førde, Askvoll og Naustdal ligg det småkraftverk på vent med samla estimert produksjon på 132 GWh og effekt på ca 42 MW. For desse er det viktig å starte produksjon innan 2020, for å komme inn under el-sertifikatordninga. Om ein ikkje gjer det, kan det føre til at mange av desse ikkje blir lønsame å bygge ut.

430 millionar til dei neste 10 åra

– Kva investeringar må til i nettet dykkar for å stå klar til å møte framtidas krav?
– Om all planlagt småkraftutbygging kjem må vi bygge ut og ruste opp linjer for 430 millionar dei neste fem åra. Og uansett må vi bruke 30-50 millionar kroner i året berre for å fornye dagens nett, seier Hatlem, og fortel at utgiftene til fornying av linjenettet har auka monnaleg dei siste åra.

– Blant anna grunna strengare krav til leveringstryggleik og kvalitet, som gjer linjene meir robuste og tjukke. Det verkar som vi har ei utvikling mot meir ekstremt vêr, som vi må ta høgde for, seier Hatlem, og fortel at ein får betaling for investeringane.
– Sunnfjord Energi har veldig god leveringstryggleik i dag. 99,97 prosent. Dette er på god høgd med landssnittet.

– Kor viktig er eit godt linjenett for eit energiselskap?
– Dårlege linjenett gjev store overføringstap, som går rett på lønnsemda vår. Og NVE straffar oss med bøter om vi ikkje møter leveringskrava. Ein får òg misnøgde kundar. Sunnfjord Energi ønskjer å vere ein spydspiss for utvikling av næringsliv og industri i vårt område. Men har ein ikkje linjer som møter krava frå desse, så blir ein i staden ein hemsko. Det har vi på alle vis prøvd å unngå, gjennom tunge investeringar i linjenettet vårt. Derfor er det så viktig for oss å ha dyktige fagfolk som er villige til å stå på, og ikkje er redde for ver og vind. Montørane våre er ansiktet vårt utad, og dei gjer ein fantastisk innsats for at alle til ei kvar tid skal ha straum. Vi har også svært observante kundar som ofte varslar oss om feil i nettet. Det gjer at vi kan løyse problema raskare enn vi sjølv kunne klart utan tilbakemelding. I tillegg samarbeider vi godt med naboenergiverka våre, slik at ikkje grensesnitta mellom oss skulle bli nedprioritert. Tvert om har dei blir prioritert opp, takka vere gode samarbeid, slik at vi har sterkare linjer inn i området vårt.


Fleire smakebitar frå jubileumsheftet:

Sjå heile jubileumsheftet:

Du kan også laste ned heftet som PDF: