Gå til innholdGå til toppen

Kreative elevar konkurrerte om smarte energiløysingar

Andre veka i november var 44 elevar frå vidaregåande skule på ENOVA gründercamp hos Sunnfjord Energi for å finne kreative løysingar på energiutfordringar.

Arrangør var Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane, og tysdag 9. november vart det laga til gründercamp med fokus på energi for framtida. Arrangementet føregjekk på tre ulike stader i fylket samtidig. Fyrst var det lokale konkurransar på Sandane, i Sogndal og hos Sunnfjord Energi i Førde. Det var felles program for alle tre arrangementa og elevane jobba frå 09.00 om morgonen til 18.00 om ettermiddagen.

enova-420x293

Foto: Eivind Husabø, Ungt Entreprenørskap.

Det vart ein lang og krevjande dag for alle involverte, men samstundes var det lærerikt og spennande. Mange av dei deltakande elevane uttrykte at dette var ein god måte å lære på. Dei fekk jobbe kreativt og brukte både kunnskap og fantasi for å komme fram til gode løysingar.

Elevane hadde fire oppgåver å velje mellom. Mange av gruppene landa på «turladaren»: Lag ein innretning som kan lade mobil, pc eller andre elektroniske «duppedittar» når du er ute i naturen eller andre stader der du ikkje har tilgang på straum. Ei anna populær oppgåve var «plusshuset» der dei skulle presentere eit hus som produserte energi i staden for å bruke energi.

På kvar plass vart det kåra ein vinnar som gjekk vidare til ein fylkesfinale. Finalen var avvikla ved hjelp av videokonferanse og vinnarane vart Nordfjord, representerte ved elevar frå Firda  og Eid vidaregåande skular. Totalt var det 133 deltakande elevar på arrangementet. Vinnarane frå Nordfjord hadde valt «turladar»-oppgåva og funne opp ei samanleggbar vindmølle som du kan ta med deg overalt. Den skulle i fylgje elevane produsere nok straum til å lade ein PC.

Sunnfjord Energi gratulerer laget frå Nordfjord som i tillegg til å vinne flotte premiar også er automatisk kvalifiserte til deltaking på NM i gründercamp som går av stabelen i Trondheim 26./28. januar 2011. I tillegg takkar vi alle som deltok både som konkurrerande og som arrangørar.