Gå til innholdGå til toppen
Foto av Brulandsfossen kraftverk.

Brulandsfossen kraftverk. Foto: Sunnfjord Energi.

Mellombels redusert drift i Brulandsfossen kraftverk

Sunnfjord Energi skal gjennomføre revisjon av klappeluke i dammen til Brulandsfossen kraftverk. I det høvet må kraftverket stoggast eller køyrast på redusert effekt.

Tiltaket kan gje endra vasstandar i Movatnet og Bergavatnet i forhold til det som vil vere normalt ved tilsvarande vassføringar.
For å gjennomføre tiltaket har Norges Vassdrags- og Energidirektorat gitt Sunnfjord Energi løyve til å avvike manøvreringsregelementet for Brulandsfossen Kraftverk fram til 20. mars 2017. Reguleringar i perioden vil gjennomførast slik at intensjonane i manøvreringsregelementet blir ivareteke i forhold til andre interesser.

For å ivareta tryggleiken til dei arbeidande i Brulandsfossen vil vassføringa ut frå Vassenden bli tilpassa. Reguleringane her vil gjennomførast innanfor gjeldande manøvreringsregelement.

Om du observerer noko du meiner vi bør bli gjort merksame på, eller ønskjer meir informasjon om tiltaket, kan du ta kontakt med
Sunnfjord Energi på 57 72 23 00.