Gå til innholdGå til toppen
Kvamsfossen i Jølstra. Biletet er teket med vassføring 40 kubikkmeter i sekundet. (Foto: Sunnfjord Energi AS)

Kvamsfossen i Jølstra. Biletet er teket med vassføring 40 kubikkmeter i sekundet. (Foto: Sunnfjord Energi AS)

NVE vil gje Sunnfjord Energi løyve til å byggje Jølstra Kraftverk

Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) sende 6. juli 2016 over si innstilling til Olje- og energidepartementet (OED) og tilrår departementet å gje konsesjon til Sunnfjord Energi.

I innstillinga er det lagt til grunn ei utbygging i all hovudsak slik Sunnfjord Energi har søkt om. Dette inkluderer inntak i Tongahølen, kraftstasjon på Moskog og utløp ved Reinene.

Kraftverket vil ha ei samla yting på 60 MW og utbygginga vil gje 200 Gwh ny fornybar energi.

No skal OED slutthandsame prosjektet og ta endeleg avgjerd. Realisering er mogleg innan fristen for elsertifikatordninga ved ei effektiv handsaming i departementet.

Les meir om: Jølstra Kraftverk

Sjå også: