Gå til innholdGå til toppen

Ny nettsjef er tilsett i Sunnfjord Energi

Sunnfjord Energi har tilsett Arild Fleten som ny nettsjef i selskapet. Han tek til i stillinga 1.januar 2015.
Arild Fleten, ny nettsjef i Sunnfjord Energi frå nyttår

Arild Fleten, ny nettsjef i Sunnfjord Energi frå nyttår.

Arild Fleten er utdanna Sivilingeniør frå NTNU, og har tilleggsutdanning innanfor leiing. Han kjem frå stillinga som nestleiar og nettsjef i Enivest der han har vore med sidan oppstarten av selskapet, og han har vore ein sterk bidragsytar i å utvikle Enivest til eit av landets mest veldrevne breibandsselskap. Før dette kom Fleten frå Marintek som forskar og prosjektleiar.

Nettavdelinga er den største avdelinga i Sunnfjord Energi, med oppgåver innan planlegging, bygging, drift og vedlikehald av Sunnfjord Energi sitt linjenett. Til stillinga som Nettsjef ligg og ansvar for den interne tele- og fibersatsinga samt sal av eksterne nettenester. Desse oppgåvene passar godt til Fleten sin bakgrunn og erfaring.

Oddvar Hatlem, som er konstituert i stillinga fram til nyttår er også fagleg ansvarleg for Sunnfjord Energi sine elektriske anlegg. Når ny nettsjef er på plass vil Hatlem halde fram i funksjonen som fagleg ansvarleg og kombinere den funksjonen med stillinga som baseleiar i ytre område.

– Vi har funne den beste kandidaten blant fleire søkarar, og vi gler oss til å få Arild Fleten med på laget, seier Fredrik Behrens, adm.dir. i Sunnfjord Energi.