Gå til innholdGå til toppen

Ny økonomisjef er tilsett i Sunnfjord Energi

Sunnfjord Energi har tilsett Silje Skaar Sunde som ny økonomisjef i selskapet. Ho tek til i stillinga 1.mai 2015.
silje-skaar-sunde

Silje Skaar Sunde, ny økonomisjef i Sunnfjord Energi frå 1. mai.

Silje Skaar Sunde (30) er utdanna siviløkonom og har master frå NHH både innan revisjon (høgare revisorstudium) og innan strategi og leiing. Frå 2008 til juni 2013 var Sunde tilsett som Revisor i PriceWaterhouseCoopers, der ho arbeidde med revisjon og rådgjeving. Pr. i dag er ho tilsett som Rådgjevar i Stiftelsestilsynet.

Økonomiavdelinga er ei viktig avdeling i Sunnfjord Energi, med oppgåver innan rekneskap, skatt, budsjett, internkontroll og lønn. Til stillinga som økonomisjef ligg og ansvar for interne administrative tenester som sekretæriat og arkiv. Skaar Sunde vil rapportere til administrerande direktør og inngå i bedrifta si leiargruppe.

Frå 1. februar og fram til Skaar Sunde er på plass har vi engasjert Svein Øverland frå PriceWaterhouseCoopers for å ivareta funksjon som økonomisjef.

– Vi har funne ein svært kompetent og dyktig kandidaten blant fleire søkarar, og vi gler oss til å få Silje Skaar Sunde med på laget, seier Fredrik Behrens, adm.dir. i Sunnfjord Energi.