Gå til innholdGå til toppen

Oppfølging av tilbod om fusjon av verksemdene til Sunnfjord Energi Holding og BKK

Viser til børsmelding av 27.03.2019 der det vert informert om at BKK har lagt fram konkrete tilbod i høve eventuell fusjon av verksemdene til Sunnfjord Energi Holding AS (org nr. 820 513 592) og BKK (org nr. 880 309 102). Sunnfjord Energi Holding AS

I artikkel i Firda 1.4.2019 kjem det fram at dei kommunale aksjonærane vil få 3,5 % eigarskap i BKK AS ved ein fusjon. Dette svarer til det tilbodet ein har fått ved ein full fusjon (konsernfusjon mellom Sunnfjord Energi Holding og BKK).

Utgreiinga er ikkje ferdig. Styra i Sunnfjord Energi og Sunnfjord Energi Holding vil den 3.4.2019 handsame tilboda, og gjere val om vegen vidare med tilhøyrande informasjonsplan.


Kontaktperson: Adm. dir. Fredrik Behrens tlf. 900 800 55