Gå til innholdGå til toppen
Ordførar Oddmund Klakegg i Jølster kommune

Ordførar Oddmund Klakegg i Jølster kommune (i midten), ein av vertskommunane til Jølstra kraftverk, fekk æra av å skyte første salva på anlegget. Adm. dir. i Sunnfjord Energi, Fredrik Behrens, til venstre. (foto: Emil Rasmussen)

Oppstart for Jølstra-utbygging

Torsdag 13. september 2018 gjekk første salva på utbygginga av Jølstra kraftverk. Når kraftverket står klart i løpet av 2020 vil det produsere straum tilsvarande forbruket i 12 000 heimar.

På markeringa av anleggsstarten var representantar frå styre, leiing og tilsette i Sunnfjord Energi og Sogn og Fjordane Energi (SFE), i tillegg til vertskommunar og grunneigarar. Ordførar Oddmund Klakegg, ordførar i den eine av dei to vertskommunane, fekk æra av å fyre av første salven.

Administrerande direktør Fredrik Behrens i Sunnfjord Energi legg ikkje skjul på at det er godt å kome i gang med prosjektet.

– Som med alle kraftutbyggingar tek det gjerne lang tid frå ideen er forma til ein kan sette spaden i jorda. Det gjer det berre desto meir gledeleg å sette i gang med eit såpass stort og viktig prosjekt for begge eigarselskapa, seier Behrens.

Det er Sunnfjord Energi som har arbeidd fram prosjektet. Før sommaren fekk dei med seg naboselskapet SFE, og dei to selskapa skal eige halvparten kvar av kraftverket.

For tida er dei to selskapa i fusjonsforhandlingar. Johannes Rauboti, konsernsjef i SFE, har god tru på eit tettare samarbeid mellom selskapa.

– Å gjennomføre så store prosjekt som Jølstra kraftverk er utfordrande åleine. Saman kan vi løfte nok kapital til å realisere store prosjekt. No kan vi også trekke på kompetanse frå begge selskap, både når det gjeld prosjektering, utbygging, drift og ikkje minst HMS, seier Rauboti.

Jølstra kraftverk er kostnadsrekna til 700 millionar kroner, og skal vere i drift i løpet av 2020.


Sjå også: