Gå til innholdGå til toppen

Positivt halvårsresultat i Sunnfjord Energi

Sunnfjord Energi leverer eit positivt resultat for første halvår i 2018.

Resultat etter skatt er på 26 millionar kroner; ei betring på nesten 10 millionar kroner i forhold til same periode i fjor. Dette skuldast i hovudsak vinst ved samanslåing av kraftsalet med SFE Kraft AS.

I tillegg har selskapet kunne tilbakeføre tidlegare nedskrivingar på produksjonsmidlar, då prognosar på kraftprisen framover har betra seg.

Selskapet har ikkje produsert like mykje straum som i fjor, men høgre prisar gjer at resultatet frå produksjonsverksemda er på om lag same nivå som fjoråret.

Dersom prognosane for resten av året slår til er det venta eit godt resultat for 2018 sett under eitt.

Sunnfjord Energi gjennomfører store investeringar i lokal infrastruktur

Konsernet har første halvår investert over 90 millionar kroner i lokal infrastruktur i Sunnfjord og Ytre Sogn. Dette er 10 millionar kroner meir enn i same periode i 2017. Det er først og fremst investeringar i fiber- og telekomanlegg som utgjer størstedelen av dei gjennomførte investeringane.

I tillegg er Sunnfjord Energi og Sogn og Fjordane Energi i startgropa med utbygging av Jølstra Kraftverk.

Sunnfjord Energi jobbar for at verdiane som vert skapte skal kome eigarane og lokalsamfunna til gode.

Vedlegg: Børsmelding til Oslo Børs 30.08.2018

Kontaktinformasjon:
Adm. Dir. Fredrik H. Behrens,
Tlf: 900 80 055
e-post: fredrik.behrens@sunnfjordenergi.no