Gå til innholdGå til toppen

Rett kompetanse kan bli mangelvare

Sunnfjord Energi vil i åra framover ha eit løpande behov for fleire ingeniørar. No håpar leiinga at fleire søkjer seg til yrkesfaglege studieretningar i vidaregåande opplæring.

I kraftbransjen er folk med fagbrev pluss ingeniørutdanning særs attraktive. Det er ikkje alltid like lett å skaffe personar med både solid praktisk erfaring og teoretisk ingeniørutdanning, og ved Sunnfjord Energi håpar ein no på stor søknad til dei yrkesfaglege studieretningane. Dette gjeld spesielt elektro- og el.energifaga, som er hovudfagområda til dei tilsette i drifts- og produksjonseiningane i kraftselskapet.

kjk_kjosnes-420x241

Kjell Johnny Kvamme med utsyn mot Kjøsnesfjorden. Foto: Arild Nybø, mediebruket.no

– Vi er veldig interesserte i å rekruttere nye medarbeidarar med ingeniørkompetanse bygd på ei grunnleggjande yrkesfagleg utdanning. Praktisk opplæring og erfaring er heilt klart eit pluss i dei type ingeniørjobbar vi kan tilby, seier personalsjef Marit Moene i Sunnfjord Energi.

Solid kompetanse i dag – utfordrande på lang sikt

På ingeniørnivå har selskapet ein god stamme av høgt kvalifisert personell med lang og god erfaring  som til saman handterer både operative og planleggingsmessige funksjonar i selskapet.

– Vi må tenkje langsiktig i høve rekruttering. Naturleg avgang er éin ting, men vi står også framføre store utfordringar knytt til at vi sit «midt i matfatet» når det gjeld utbygging av fornybar energi, seier ho.

Denne satsinga vil naturleg nok føre til auka utbygging av maskininstallasjonar og infrastruktur. Difor har Sunnfjord Energi ei klar interesse av å bidra til at ungdom vel yrkesfaglege utdanningsvegar innan dei aktuelle fagområda.

– Vi er sjølvsagt også interessert i kandidatar som har teke ingeniørutdanning innan el.kraft etter allmennfagleg studieretning på vidaregåande, seier Moene.

Sunnfjord Energi er ifølgje Moene ein attraktiv arbeidsplass med kompetente og dyktige folk, og det er lagt opp til at dei tilsette skal ha varierte og utfordrande oppgåver. Dei tilsette vert difor også oppmoda om å tileigne seg ny og utvida kompetanse, og fleire av dei tilsette har gått gradene frå montørarbeid til stillingar som krev utvida kompetanse på høgskulenivå.

I tillegg arbeider verksemda aktivt mot nye potensielle arbeidstakarar, til dømes gjennom deltaking på arbeids- og utdanningsmesser, inntak av utplasseringselevar, lærlingar og ved tilsetjing av ungdom i sommarjobbar.

Frå lærling til prosjektleiar på storutbygging i Jølster

Kjell Johnny Kvamme (27) er ein av dei som har jobba seg oppover i selskapet.

– Eg byrja som lærling i Sunnfjord Energi og trivdest utruleg godt – både fagleg og sosialt. Etter å ha avlagt fagbrev og vore i jobb ei stund fatta eg interesse for å utdanne meg vidare, seier han.

Etter ingeniørutdanning på Høgskulen i Sogn og Fjordane i kombinasjon med deltidsarbeid for Sunnfjord Energi, kom førdianaren attende til kraftselskapet som prosjektingeniør. Og etter kort tid fekk han i 2009 ansvaret for idriftkøyringa av kjempeprosjektet Kjøsnesfjorden Kraftverk, ei kraftutbygging til ein kostnad av over 900 millionar kroner og som sto ferdig sommaren/hausten 2010.

– Som prosjektleiar for idriftkøyringa i Kjøsnesfjorden hadde eg sjølvsagt med meg mange dyktige og erfarne folk, men det er klart eg var stolt over å ha fått ei slik stor leiaroppgåve i så ung alder, seier han, og legg til at han hadde mange gode hjelparar i arbeidet.

Kvamme presiserer at han nok ikkje hadde fått ei så stor oppgåve like raskt om det ikkje var for at han var godt kjend i selskapet frå tida som lærling og fagarbeidar, i tillegg til deltidsjobbing under ingeniørstudiane.

– Men har du erfaring, utdanning og pågangsmot er vegen kort til utfordrande oppgåver. Slik eg fekk med kraftutbygginga i Kjøsnesfjorden, seier Kvamme.

Personalsjefen er no svært spent på søkjartala til dei vidaregåande utdanningane:

– Di fleire som søkjer seg inn på og fullfører utdanningar retta mot våre fagområde, di lettare ser den framtidige rekrutteringa til våre kompetansearbeidsplassar ut, avsluttar Marit Moene.