Gå til innholdGå til toppen

Samarbeidsavtale mellom Sula Kraft AS og Solund kommune

Sula Kraft AS og Solund kommune har inngått ein omfattande samarbeidsavtale som trør i kraft om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) gjev konsesjon til bygging av Ytre Sula vindkraftverk.

Avtalen sikrar ei kraftig forbetring av infrastrukturen på ei rekkje område, i tillegg til ein årleg kompensasjon på 14 millionar kroner, noko som svarar til nesten 25 % vekst på inntektssida i kommunebudsjettet.

vindkraft-sula

Illustrasjon av korleis vindmølleparken med turbinar og vegar kan ta seg ut frå sør.

Bakgrunnen er at Sula Kraft AS har søkt konsesjon om å få byggje eit vindkraftverk på Ytre Sula i Solund kommune. Ytre Sula vindkraftverk er planlagt med 39 vindturbinar med ein effekt på 3,6 MW kvar. Produksjonen er berekna til 445 GWh kraft årleg, nok til å forsyne 22 000 husstandar med straum årleg. Det er det nest største vindkraftverket som er planlagt i Sogn og Fjordane. Utbyggingskostnaden er rekna til 2 milliardar kroner. Konsesjonssøknaden for kraftverket er no til handsaming i NVE, som venteleg vil gje svar i løpet av 2013/2014.

NVE har siste ord

Gjennomføringa av Sula kraft AS sine planar utløyser behov for samarbeid mellom utbyggjar og Solund kommune. Avtalen er inngått for å klargjere rammene knytt til infrastruktur og økonomi kring realiseringa av prosjektet, og vil trø i kraft om konsesjon vert gjeven og når bygginga er sett i verk.

– Ei utbygging av vindkraft på Ytre Sula vil gje store positive effektar lokalt og regionalt, seier Olav Osvoll, dagleg leiar i Sula Kraft. Avtalen mellom Sula Kraft AS og Solund kommune sikrar at Sula Kraft skal bygge opp sin tekniske driftsorganisasjon i Solund. Etableringa av driftsorganisasjonen vil tilføre Solund om lag 8 årsverk. Vidare vil Sula Kraft AS bidra til etablering av lærlingplassar på kraftanlegget.

14 millionar kroner årleg

Avtalen vil dessutan gje Solund kommune 14 millionar kroner årleg i kompensasjon for dei ulempene vindkraftverket påfører Solund med utgangspunkt i den planlagde investeringa på 2 milliardar kroner. Pengane skal setjast på eit eige fond som kommunen disponerer, og skal nyttast til avbøtande tiltak for å kompensere ulempene ved bygginga av kraftverket. Men dersom Solund kommune innfører eigedomskatt fell kompensasjonen vekk og Sula Kraft AS vil då i staden betale eigedomskatt på lik linje med alle andre.

Avtalen gir også Solund kommune rett til vederlagsfritt å overta djupvasskaia som skal byggjast på Haldorsneset. Verdien på kaianlegget vil liggje mellom 15 og 30 millionar kroner.

Vidare skal Sula Kraft AS legge til rette for at det lokale næringslivet skal få høve til å gje tilbod på leveransar under utbygging og drift.

Byggjer nye samband

– Bygginga av kraftverket vil tilføre Solund-samfunnet mykje ny infrastruktur som gir allmenn nytte, seier Osvoll.

Han nemner opprusting av den eksisterande fylkesvegen på Ytre Sula for 11 millionar kroner, fiber til Solund til ein kostnad av 4 millionar kroner, ny veg mellom Nåra og Haldorsneset  til 39 millionar, og ny kraftlinje frå Lutelandet til Ytre Sula til 92 millionar kroner.

– Sjølv om Solund kommunestyre i utgangspunktet har sagt nei til vindkraftutbygging i Solund, så er denne avtalen særs viktig for oss. For til sjuande og sist så er det NVE som avgjer konsesjonsspørsmålet, og denne avtalen klargjer kva utbyggjaren forpliktar seg til dersom denne  konsesjonen vert gjeven, seier ordførar i Solund Ole Gunnar Krakhellen.

– I tillegg så inneheld også avtalen ein kompensasjon for nokre av dei ekstraordinære utgiftene Solund har hatt med sakshandsaminga. Eg er derfor glad for at vi no, i tråd med kommunestyret si handsaming av saka, har signert denne avtalen mellom Solund kommune og Sula Kraft AS, seier Krakhellen.


For meir info, kontakt:

Olav Osvoll
Dagleg leiar, Sula Kraft AS
olav.osvoll@sunnfjordenergi.no
Tlf.: 57 72 23 00