Gå til innholdGå til toppen
Bilete av Senterpartiet i Sogn og Fjordane sin førstekandidat Jenny Følling, Frode Gjerde, Ole Johnny Stubhaug, Liv Signe Navarsete og Per Rune Vereide framfor kontora til Sunnfjord Energi. Foto: Karl Kristian Langeland.

NYTTIG MØTE: – Dette var veldig nyttig, sa Senterpartiet i Sogn og Fjordane sin førstekandidat, Jenny Følling (framme t.v.) etter møtet. Her ho saman med Frode Gjerde (bak t.v.), Ole Johnny Stubhaug, Liv Signe Navarsete og Per Rune Vereide. (Foto: Karl Kristian Langeland.)

Senterpartiet fekk innspel om utfordringane for kraftbransjen

Senterpartiet i Sogn og Fjordane har vore i møte med representantar for Sunnfjord Energi for å få betre innblikk i kva utfordringar kraftbransjen i fylket har.

Delegasjonen, med stortingspresentant Liv Signe Navarsete, og fylkesvaraordførar Jenny Følling i spissen, ville vite kva som er viktig for Sunnfjord Energi frametter.

Administrerande direktør Fredrik H. Behrens i Sunnfjord Energi seier han set pris på at politikarar tek initiativet og nyttar høvet i samband med valkampen til å lære meir om ein bransje som er svært viktig for verdiskaping og sysselsetjing i Sogn og Fjordane.

Møtet vart halde i Energihuset i Førde tysdag 11. august 2015, og temaet var nettleige og tariffutjamning.

– For Sunnfjord Energi var det viktig å få fram at vi ønskjer at dagens sentralnett gjennom fylket framleis skal halde fram med å vere sentralnett. Årsaka er at vi ønskjer å avgrense auken i nettleiga, som omleggingane elles vil føre til, seier Behrens.

Representane frå Senterpartiet opplyste at dei går inn for ordningar med utjamning av nettleige, men at det ikkje er fleirtal for dette i Stortinget. i dag.

– Det pågår også omleggingar mot meir effektbaserte tariffar, som gjer det vanskelegare å finne gode løysingar på utjamninga mellom by og land. Vi kan ikkje ta sjansen på at det vert fullverdig utjamning gjennom pengeoverføringar, , seier Behrens.

– Det er sentralnettet som er mekanismen som gir utjamning og lik tariff over heile landet. Derfor vil vi at sentralnettet framleis ber kostnadene med det etablerte sentralnettet og leverer med sentralnettet sin tariff på dei same plassane i framtida som i dag.

For Sunnfjord Energi gjeld dette på Moskog, Tefre og Grov. Om selskapet får støtte for denne haldninga, vil det også løyse situasjonen for smelteverket i Svelgen.

– Tankegodset bak den nye energilova og dei nye tariffane som kjem når nye målarar er på plass, tilseier at brukarane skal betale dei kostnadene dei påfører nettet med liten grad av utjamning ut over den utjamninga som ligg i sentralnettet. Føremålet er å gje stimulans til at fornybar energi vert brukt nær der den vert produsert, eller omvendt; at den vert produsert nær der den blir brukt, seier Behrens.

Både småkraft, vindkraft og solkraft leverer til nettet berre i deler av tida. Det er derfor ynskjeleg med næringsutvikling som kan nytte overskotskrafta. Dette er særleg utfordrande fordi det er stor variasjon på overskotet, men det er på same tid naudsynt for å kunne halde oppe lønsemda i den uregulerte kraftproduksjonen.