Gå til innholdGå til toppen

Utsyn frå Lunde turiststasjon på opningsdagen for Kjøsnesfjorden Kraftverk 21. september 2010. Vasstunnelane og kraftstasjonen ligg skjult i fjellet til venstre. (Foto: Arild Finne Nybø, Mediebruket)

Stortinget har vedtatt endringar i elsertifikatordninga

Stortinget vedtok onsdag 10. juni 2015 endring i regelverket for elsertifikat for kraftprodusentar.

Vedtaket vil medføre at Sunnfjord Energi AS sitt datterselskap Kjøsnesfjorden Kraftverk AS (78,5 %) vil kvalifisere til ordninga. Dette vil ha positiv effekt for framtidige inntekter i selskapet. Middelproduksjonen i Kjøsnesfjorden Kraftverk AS er 247 GWh. Dette utgjer omtrent halvparten av kraftproduksjonen i konsernet Sunnfjord Energi.

Med dette vedtaket har Stortinget oppfylt lovnadane som statsråd Steensnæs ga i 2003. Då hadde det nyleg vore eit tørrår i Norge med lite produksjon og dermed kraftkrise. Politikarane varsla subsidieordninga elsertifikat for å stimulere til utvikling av meir ny fornybar energi. Fordi ordninga var varsla, men ikkje klar, frykta dei full stans i utvikling av ny kraft. Derfor lova dei ei overgangsordning.

Sunnfjord Energi gjorde vedtak om utbygging av Kjøsnesfjorden Kraftverk basert på lovnadane om ei overgangsordning. Då kraftverket stod ferdig vart det ikkje inkludert i overgangsordninga likevel. Det har gjort at Kjøsnesfjorden Kraftverk har tynga i rekneskapen til Sunnfjord Energi etter at det stod ferdig i 2010.

Føreseielege rammevilkår er heilt avgjerande for at kraftselskap torer å ta på seg store økonomiske forpliktingar som ligg i det å utvikle fornybar kraftproduksjon. For at samfunnet skal utvikle seg den vegen vi vil, må nokon tore å utvikle anlegg med lang tidshorisont. Då er det avgjerande at politiske løfte vert haldne. Dette vedtaket har bidratt til at vi i større grad vågar det.

Adm. direktør Fredrik H. Behrens i Sunnfjord Energi.

Adm. direktør Fredrik H. Behrens i Sunnfjord Energi.

Det har vore heilt avgjerande for vedtaket at stortingsrepresentantane frå fylket og lokale politikarar har engasjert seg i saka. Det er jobba fram nye reglar som tek omsyn til dei lovnadane som var den gongen, og det står respekt av det politiske handverket som er utført av mange ulike personar for å få dette til.

– I Sunnfjord Energi er vi glade for at politikarane har justert regelverket slik at også dei kraftverka som har vore haldne utanfor ordninga no kjem med, seier administrerande direktør Fredrik H. Behrens i Sunnfjord Energi.

Med dette vedtaket er intensjonane med overgangsordninga innfridd.

Biletet øvst:  Utsyn frå Lunde turiststasjon på opningsdagen for Kjøsnesfjorden Kraftverk 21. september 2010. Vasstunnelane og kraftstasjonen ligg skjult i fjellet til venstre. (Foto: Arild Finne Nybø, Mediebruket)