Gå til innholdGå til toppen
Foto av styret etter vedtaket om utbygging 19. desember 2017.

Styret etter vedtaket om utbygging av Jølstra Kraftverk 19. desember 2017. Rundt bordet f.v.: styremedlemene Arild Horsevik, Ingunn Sognnes, Ketil Konglevoll, finanssjef Ingvar Byrkjeland, styreleiar Arvid Andenæs, adm. direktør Fredrik H. Behrens, styremedlemene Anne Kristin Lilleaasen, Jan Halvor Storkås, Vegard Strand og Steinar Dvergsdal. Bak f.v.: produksjonssjef Olav Osvoll og prosjektleiar for Jølstra Kraftverk, Kjell Johnny Kvamme. (Pressefoto).

Styret gjev klarsignal for bygging av Jølstra Kraftverk

Styret i Sunnfjord Energi har tru på at vasskraft vil være ein del av framtidas energisystem, og har vedteke utbygging av Jølstra Kraftverk.

Styret i Sunnfjord Energi har tru på at vasskraft vil være ein del av framtidas energisystem, og gjorde 19. desember 2017 positivt vedtak om utbygging av Jølstra Kraftverk.

Selskapet fekk sommaren 2017 konsesjon av Olje og Energidepartementet om utbygging av vassdraget.

Storleiken på utbygginga er slik at selskapet ynskjer å ha med andre industrielle partnarar for å realisere prosjektet. Endeleg val av partnarar er ikkje klart.

Prosjektet har vore presentert for eigarane, som er positive til prosjektet. Dei er opptekne av lønsemd, og at ein får på plass akseptable avtalar med partnarar og lånegjevarar.

Fakta om Jølstra Kraftverk

  • Utbygging frå Tongahølen, ved Langhogane i Jølster kommune, og til Reinene i Førde kommune.
  • Årsproduksjon 233 GWh
  • Ny energi 200 GWh
  • Utbyggingskostnad 704,5 mill
  • Meir informasjon: jolstra-kraftverk.no

Omtale i media:

19.12.17: firda.no: Sunnfjord Energi går for utbygging av Jølstra Kraftverk
19.12.17: Firda Tidend: Det blir utbygging i Jølstra
20.12.17: firda.no: – Kraftutbygginga er viktig både for Jølster og regionen (betalingsmur)
20.12.17: KraftNytt.no: Sunnfjord Energi går for utbygging av Jølstra Kraftverk