Gå til innholdGå til toppen

Sunnfjord Energi har fått konsesjon på bygging av Jølstra kraftverk

Sunnfjord Energi har i dag, onsdag 21. juni 2017, fått konsesjon av Kongen i statsråd for bygging av Jølstra kraftverk i Førde og Jølster.

Konsesjonen er i samsvar med det Sunnfjord Energi søkte om og kraftverket vil få ein produksjon på over 200 GWh med ein installert effekt på 60 MW. Vi sendte for kort tid sia ut anbod på dei seks største kontraktane i prosjektet og skal allereie kommande tysdag ha tilbodsbefaring med entreprenørar som har meldt seg på i konkurransen.

Sunnfjord Energi har jobba med prosjektet i meir enn ti år og sendte konsesjonssøknad i 2013. I ei pressemelding sendt ut i dag seier Fredrik Behrens at «Vi er glade for at konsesjonen er endeleg avklara, og vi ventar å legge prosjektet fram for investeringsavgjerd for styret før jul.

Eit slik prosjekt er rekna som samfunnsøkonomisk lønsamt og Sunnfjord Energi eig allereie om lag halvparten av dei fallrettane som inngår. Vår oppgåve i sommar og haust er no å finne bedriftsøkonomisk gode løysingar og inngå balanserte avtalar om utbygging, finansiering og kompensasjon for dei resterande fallrettane. Alle desse oppgåvene er starta opp parallelt med konsesjonsprosessen og vi er godt rusta med god kompetanse til å løyse dei oppgåvene som står framom oss no. For eit energiselskap er denne type oppgåver nettopp det som vi strekk oss etter og rustar oss for. Det gir god tru på ei positiv framtid i selskapet.

Vi er glad for at NVE innstilte på ei løysing som ligg nært opp til det som vi søkte om. NVE har bygt på fagkunnskap og gjort den vanskelege oppgåva der er å veie samfunnsnytte opp mot konsekvensar for natur og miljø. Ei slik vurdering er alltid konfliktfylt og vi er nøgde med at det blei trekt ein konklusjon i tide til at det ser ut til å vere mogleg å realisere prosjektet under dei rammetilhøva som gjeld i dag. Vi er også nøgde med at leiinga i OED har stadfesta at det er NVE si fagleg grunna tilråding som skal gjelde.

Om utbygging blir vedtatt og planlagt framdrift held, vil anleggsstart vere på nyåret 2018.

Fakta om prosjektet:

  • Årsproduksjon 209 GWh
  • Ny energi 176 GWh
  • Prosjektkostnad 704,5 mill. NOK
  • Utbyggingspris 3,37 kr/kWh
  • Utb.pris ny energi 4,00 kr/kWh
  • Minstevassføring sommar 12 m3/s
  • Minstevassføring vinter 4 m3/s
  • Min slukeevne 3,5 m3/s
  • Maks slukeevne 55 m3/s
  • Fall 132 m
  • Tunellar 5,75 km
  • Installert effekt 60 MW
  • Aggregat 2
  • Nettside: www.jolstra-kraftverk.no

Kontaktpersonar:

Administrerande direktør Fredrik Behrens
tel: 900 80 055
e-post: fredrik.behrens@sunnfjordenergi.no

Prosjektleiar Kjell Johnny Kvamme
tel: 959 89 033
e-post: kjell.johnny.kvamme@sunnfjordenergi.no