Gå til innholdGå til toppen

Tilbod om fusjon av verksemdene til Sunnfjord Energi Holding og BKK

BKK har lagt fram konkrete tilbod i høve eventuell fusjon av verksemdene til Sunnfjord Energi Holding AS og BKK. Dei to selskapa er i fusjonsforhandlingar.

BKK har lagt fram konkrete tilbod i høve eventuell fusjon av verksemdene til Sunnfjord Energi Holding AS (org nr. 820 513 592) og BKK (org nr. 880 309 102). Sunnfjord Energi Holding AS eig 100 % av Sunnfjord Energi AS (org.nr 916 501 420). Sunnfjord Energi og BKK er i fusjonsforhandlingar.

Sunnfjord Energi har under utgreiing tre alternativ for vegen framover. Dei tre alternativa er:

  1. Konsernfusjon mellom Sunnfjord Energi og BKK (full fusjon)
  2. Fusjon av nettverksemdene til Sunnfjord Energi og BKK (delvis fusjon)
  3. Fortsette som sjølvstendig selskap

Utgreiinga er ikkje ferdig. Det er venta at styra i Sunnfjord Energi og Sunnfjord Energi Holding i løpet av ei veke vil gjere eit vedtak om kva alternativ ein vil gå vidare med.


Kontaktperson: Adm. dir. Fredrik Behrens tlf. 900 800 55