Gå til innholdGå til toppen

Tre kraftverk blør

Det skal leggast fram eit forslag til endring i lov om elsertifikat for Stortinget. Sunnfjord Energi reagerer på at når ein no endrar reglane for elsertifikatordninga blir tre kraftverk haldne utanfor, alle i Sogn og Fjordane.

Etter strømkrisa med fare for straumrasjonering vinteren 2003, lova dåverande regjering at ny fornybar energi skulle delta i ei elsertifikatordning som skulle redusere risiko ved investering i ny kraftproduksjon. I frykt for at utbyggarar ville vente med å realisere planane sine til ordninga var trådt i kraft, og for å sikre forsyningstryggleiken, lova dåverande olje og energiminister Einar Steensnæs i ei pressemelding at det ville kome ei overgangsordning. Alle som starta bygging av kraftverk etter 1. januar 2004 ville kome med i ordninga. Sunnfjord Energi fekk konsesjon til å bygge Kjøsnesfjorden Kraftverk (KK). Då kraftverket sto ferdig i 2010 hadde rammebetingelsane endra seg: KK fekk ikkje delta i overgangsordninga. I tillegg hadde regjeringa innført skjerpingar i grunnrentebeskattninga.

Investering i Kjøsnesfjorden Kraftverk har medført at det økonomiske resultatet for Sunnfjord Energi har blitt dårlegare. Dette resulterer i lågare inntekter til kommunane og mindre moglegheit for selskapet til å gjere investeringar i framtida.

No er det lagt fram eit forslag om endringar i reglane for elsertifikatordninga. Forslaget har vore til høyring og kjem til politisk handsaming i Stortinget i løpet av våren. Kraftverk som produserer meir enn 10 MW (megawatt) er fortsatt foreslått å stå utanfor ordninga. På toppen får kraftverk over 10 MW grunnrenteskatt. Ein skatt som må betalast sjølv om kraftverket ikkje har overskot.

Sunnfjord Energi reagerer på at når ein no endrar reglane for elsertifikatordninga så vert lovnadane til Steensnæs ikkje fanga opp: Formålet var å sikre utbygging av kraftverk med magasin for å trygge forsyning av straum i landet. Selskap som tok lovnadane til Steensnæs på alvor har måtte svi for dette i ettertid. Når Stortinget no får høve til å rette opp i det er resultatet at tre nybygde kraftverk, alle i Sogn og Fjordane, fortsatt fell utanfor ordninga. Desse nye kraftverka fortsetter å blø for den forsyningstryggleiken dei har tilført.

Årsaka til at dei tre kraftverka i fylket fell utanfor reglane nok ein gong er at dei produserer over 10 MW. Vi har sett opp eit rekneeksempel som syner dei store forskjellane i lønsemd for kraftverk over og under grensa på 10 MW. Her slår både grunnrenteskatt og elsertifikatordninga inn:

Figur 1 Eksempelanlegg 10MW. Kraftpris 250 NOK/MWh, Elsertifikat 200 NOK/MWh, Driftsutgifter 12 øre/kWh, Investering 154 Mill. NOK, EK 25 %, Bankrente 5 %, Grunnlag for grunnrenteskatt 149 Mill. NOK, Friinntekt 1,3 %, Grunnrenteskatt 31 %, Ordinær skatt 27 %.

Figur 1 Eksempelanlegg 10MW.
Kraftpris 250 NOK/MWh, Elsertifikat 200 NOK/MWh, Driftsutgifter 12 øre/kWh, Investering 154 Mill. NOK, EK 25 %, Bankrente 5 %, Grunnlag for grunnrenteskatt 149 Mill. NOK, Friinntekt 1,3 %, Grunnrenteskatt 31 %, Ordinær skatt 27 %.

I eksempelet ser vi at to kraftverk med same utbyggingskostnader kjem veldig ulikt ut: Eit kraftverk på 9,9 MW får eit overskot på om lag 6 mill. medan eit kraftverk som er litt større, altså 10 MW, får eit underskot på over 3 mill. kroner pr. år.

I forbindelse med høyringa til elsertifikatlova i 2011 sa regjeringspartia at ordninga ikkje skulle avgrensast til 10 MW. Vi håpar derfor regjeringa no vil legge fram lovendringa i tråd med tidlegare olje- og energiminister Einar Steensnæs sine lovnadar – og inkludere alle anlegg i overgangsordninga.

Kjell Johnny Kvamme

Dagleg leiar Kjøsnesfjorden Kraftverk AS