Gå til innholdGå til toppen

Utbygging av Jølstra Kraftverk: Meld deg som lokal leverandør!

Sunnfjord Energi arbeider med eit prosjekt for utbygging av Jølstra Kraftverk i Jølster og Førde. Prosjektet er kostnadsrekna til 700 millionar kroner.

Det er behov for kjøp av tenester innan tunneldriving, bygging av kraftstasjonar og levering og montering av elektromekanisk utrustning.

Prosjektet har som mål å bidra til lokal verdiskaping også i utbyggingsfasen, og vi oppmodar difor lokale verksemder til å melde seg som underleverandørar til prosjektet. Vi ventar at tenester for opp mot 100 mill. blir utført av lokale verksemder.

Liste over lokale verksemder som har meldt seg vil bli gjort tilgjengeleg for prekvalifiserte entreprenørar og leverandørar for prosjektets entreprisar. Utsending av anbodsdokument er venta i løpet av vår/forsommar 2017.

Eksempel på lokale verksemder som er aktuelle (lista er ikkje uttømmande):

·         Maskinentreprenørar
·         Elektroinstallatørar
·         Rørleggarar
·         Ventilasjonsarbeid
·         Mekanisk arbeid
·         Overnattings og forpleiingstenester
·         Andre servicetenester

Ved evaluering av tilbod vil bruk av lokale verksemder bli tillagt vekt.

Registreringsskjema finn du på www.jolstra-kraftverk.no

Ved spørsmål kontakt prosjektleiar Kjell Johnny Kvamme, telefon 959 89 033, epost kjell.johnny.kvamme@sunnfjordenergi.no