Gå til innholdGå til toppen

Varmgang i elektriske anlegg

Sunnfjord Energi har dei siste dagane fått melding frå bekymra kundar som har varmgang i sine elektriske anlegg. Det er spesielt anlegg med skrusikringar som skaper desse problema, og Sunnfjord Energi oppmodar alle med slike sikringar om å kontroller

Det er viktig å sjå til at alle sikringar er skrudde godt til, også inntakssikringar og hovudsikringar. Dersom det framleis er uvanleg høg varmgang i sikringane bør ein redusere straumforbruket, og ta kontakt med elektrikar så raskt som mogleg.

skrusikringar-420x315

Skrusikringar. (Foto CC2.0: Anders Hoff, Flickr.com)

Det er det kalde været, med høgt straumforbruk, som gjer at desse problema oppstår, og som i verste fall kan medføre så høg varmgang att det kan starte ein brann. Det er eigar sjølv som har ansvar for å sjå til at det elektriske anlegget er i teknisk forsvarleg stand.

Spørsmål vedrørande dette kan rettast til Det lokale eltilsyn (DLE) ved Arild Horsevik, tlf 95 73 57 44.