Gå til innholdGå til toppen

Vindkraftutbygging i Solund blir grundig utgreidd

På midten av nittitalet starta Sunnfjord Energi arbeidet med å planleggje vindkraftutbygging i Solund kommune, på Ytre Sula. Sula Kraft vart skipa, og no er konsekvensutgreiinga av utbygginga i sluttfasen.

Den dåverande kommuneplanen opna opp for vindkraft, og energiselskapet sette i gang med målingar. Resultata synte forholda var gode for vindkraftutbygging. Sula Kraft vart skipa, og no er konsekvensutgreiinga av utbygginga i sluttfasen.

vindmolle-420x279

Vindmølle i Smøla vindpark i Møre og Romsdal. Foto: Kjell Jøran Hansen, CC 2.0.


Fakta:

Sula Kraft AS er i 2010 eigd av Sunnfjord Energi AS, Vestavind Kraft AS og Vardar AS. Sunnfjord Energi med hovudkontor i Førde er eigd av BKK og sju kommunar inkludert Solund. Vestavind Kraft er eigd av sju kraftselskap på Vestlandet, og har hovudsete på Sandane i Gloppen. Vardar er eit energiselskap med sete i Drammen, og har brei erfaring med vindkraftutbyggingar. Vardar er også medeigar i vindkraftverket på Mehuken i Vågsøy kommune.


Det er ikkje att så mange stader der det er mogleg eller ønskjeleg å byggje ut vasskraft i området til Sunnfjord Energi. Derfor er det fornybar energi frå vindkraft som representerer det største framtidige potensialet for energiverket.
Det er så flott med Sogn og Fjordane at vi har så fantastiske vindkraftressursar. I Norge har vi samla sett kanskje Europas beste føresetnader for vindkraft, seier Unni Berge.
Ho er prosjektmedarbeidar i Sunnfjord Energi og jobbar med vindkraftplanane i Solund.
I 2006 vart selskapet Sula Kraft AS skipa for å arbeide vidare med vindkraftplanane, og i 2008 vart planane levert til styresmaktene ved Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE).

I meldinga var det skissert ei utbygging på mellom 30 og 75 vindturbinar, og to alternativ til traséar for leidningsnettet. I planen vart det lagt opp til at turbinane skulle liggje minst 900 meter frå næraste hus for å førebyggje støyproblem. Det er 250-300 innbyggjarar på Ytre Sula, og 31 grunneigarar på dei områda som er aktuelle for utbygging. Sula Kraft har skrive avtale med 22 av grunneigarane, og dette tilsvarar om lag 89 % av arealet for den planlagde vindparken.
Etter at denne meldinga vart sendt har det skjedd mange viktige ting. For det første har NVE pålagt Sula Kraft å konsekvensutgreie utbygginga. Det betyr at eit uavhengig firma vurderer kva konsekvensar tiltaket vil ha for viktige verdiar som mellom annan biologisk mangfald, friluftsliv og samfunnet elles. Det er styresmaktene som avgjer kva som skal utgreiast, seier Berge.

For det andre har Sula Kraft hatt ein omfattande dialog med lokalsamfunnet. Dette har gjort at planane har endra seg mykje. Blant anna har dei to planlagde nettraséane vore omdiskuterte lokalt, noko som gjer at vi etter å ha samtala med lokale lag og organisasjonar no skal utgreie to nye traséar.
Berge seier dialogen med lokalsamfunnet er svært viktig. I tillegg til traséane er det derfor gjort ein del andre endringar i planane. Det skal til dømes utgreiast alternativ for lokalisering av kai, og storleiken på utbyggingsområdet og talet på turbinar er redusert. Slik det ser ut no er det mest aktuelt med 40 vindturbinar.
Uansett korleis vi snur og vender på det, så tek vindkraftutbygginga plass. Derfor er det viktig for oss som utbyggjarar å vere flink til å ta omsyn til lokalsamfunnet, og gjere minst mogleg inngrep i naturen.

Konsesjonssøknaden vert handsama og sendt ut på høyring av NVE. Planen er å ha søknaden klar i løpet av 2010. Vedtaket i NVE kan også ankast til Olje- og energidepartementet som fattar endeleg avgjerd på om vindkraftplanane får konsesjon eller ikkje. Etter dette er det opp til Sula Kraft å vurdere om rammevilkåra er gode nok til å bestemme seg for å investere i ei vindkraftubygging.

Den største utfordringa på sikt, er at vi er avhengige av at satsinga skal gå økonomisk i pluss. Eg eg sikker på vindkraft vil bli eit viktig satsingsområde som fornybar energikjelde frametter, seier Berge.