Gå til innholdGå til toppen

Enivest

Enivest AS er ein lokalt forankra kommunikasjonsleverandør i Sogn og Fjordane – og ein viktig samarbeidspartnar for Sunnfjord Energi, som er eigar og teknisk utbyggar av mykje av telenettet i vårt forsyningsområde (Ytre Sogn og Sunnfjord).

Dette nettet nyttast til styring av kraftstasjonar og forsyningsnett, og vi nyttar fleire typar teknologi for telesamband. Fiber er ein teknologi med veldig stor overføringskapasitet. Vi leiger ut den kapasiteten vi ikkje treng sjølve, til ulike brukarar. Enivest er ein slik stor brukar av fibernettet vårt. Den seinaste utviklinga er at vi har begynt å trekkje fiber heilt fram til dei enkelte husstandane. Dette skjer i samarbeid med Enivest. Dei tilbyr breiband, telefon og TV løysingar over dette nettet. Televerksemda er ein del av vår konkurranseutsette verksemd.

Enivest logoEnivest vart etablert i 2000, med Sunnfjord Energi som ein av initiativtakarane, saman med m.a. Fjordane IT og nokre kommunar i vårt område. Seinare har mellom andre SFE kome med.

Fiber og breiband er, og vil framleis vere, heilt sentralt i eit stadig meir teknologisk retta samfunn der digital samhandling mellom menneske er det sentrale.

Det er difor gledeleg å registrere at vi saman med Enivest AS bidreg til ein enklare kvardag for brukarane av denne teknologien. Ikkje minst gjeld dette i høve å styrke næringslivet i Sogn og Fjordane si konkurransekraft.

Nettstad: enivest.no