Gå til innholdGå til toppen

Kjøsnesfjorden Kraftverk AS

Kjøsnesfjorden Kraftverk AS er dotterselskap i konsernet Sunnfjord Energi. Selskapet er eigd av Sunnfjord Energi AS og BKK Produksjon AS. Kraftverket blir drifta av Sunnfjord Energi AS.

Historia

Draumen om kraftutbygging i Kjøsnesfjorden har oppteke grunneigarar og folket i Jølster i minst to generasjonar. I 1996 skipa grunneigarane og Veidekke ANS selskapet Kjøsnesfjorden Kraftverk AS.  Kjøsnesfjorden Kraftverk AS gjorde avtale med Veidekke ANS om totalentreprise for prosjektet. Kort tid etter kom Sunnfjord Energi AS inn som dominerande eigar i selskapet.

Ved etableringa av Jostedalsbreen nasjonalpark vart det etter påtrykk lokalt opna for at nasjonalparken ikkje skulle vere til hinder for ei eventuell kraftutbygging for vassdrag som drenerer til Kjøsnesfjorden.

I 1994 vart gamle utbyggingsplanar plukka fram og vidare omarbeidd til dagens driftsmåtar og teknisk standard. Melding vart sendt, og, konsekvensutgreiingar sett i gang som munna ut i ein konsesjonssøknad.

Det vart søkt konsesjon etter fire utbyggingsalternativ, der ein primært søkte konsesjon etter alternativ 2, om lag slik det er utbygt. Planane gjekk ut på å samle vatnet rundt Kjøsnesfjorden frå Grovadalen til og med Litlebredalen i ei takrenne i 1000 m høgde med magasin i Trollevatnet (biletet øvst). Frå denne takrenna kunne kraftstasjonen plasserast fleire stadar.

skovlarPlassering på Sægrov og Lunde vart nærmare utgreidd. Tilkomstveg til Trollevatnet var planlagt opp Søgnesanddalen, med kort tunnel til takrenna. Trollavatnet og Langevatnet skulle regulerast, sist nemnte med pumpe opp i Trollavatnet. Konsesjonssøknaden blei sendt 17. august 2000.

Norges Vassdrags og Energidirektorat la fram si innstilling til OED (Olje og Energidepartementet) i mars 2002, der dei frårådde utbygging med grunngjeving Sem-erklæringa og nyleg stortinghandsaming av utbyggingspolitikken . Etter dette går Jølster kommune den 14. mai 2002 med 24 mot 1 stemme inn for utbygging etter alternaltiv 2. Same år tilrår Sogn og Fjordane Fylkeskommune ved fylkesutvalet utbygging etter same alternaltiv.

Avgjerda blir anka inn til OED og departementet ber i 2003 at det blir vurdert og ta ut anleggsvegen opp Søgnesandsdalen og nytte tilløpstunnelen til kraftverket som anleggsveg i byggeperioden. Kjøsnesfjorden Kraftverk AS aksepterer dette sjølv om det medfører ein kostnadsauke på om lag kr. 80 mill, og legg straks fram tilleggsutgreiing slik OED har skissert.


Regjeringen går inn for kraftutbygging ved Kjøsnesfjorden

Regjeringens forslag innebærer utbygging med tunnelløsning for anleggsveien til reguleringsmagasinene. Olje- og energiminister Einar Steensnæs mener dette alternativet vil begrense inngrepene i en slik grad at de negative konsekvensene for natur og miljø samlet sett blir vesentlig redusert.

– Det har vært viktig for Regjeringen å finne en løsning som reduserer inngrepene i natur og miljø. En utbygging vil samtidig gi et betydelig bidrag til kraftproduksjonen. Det sterke og brede lokale engasjementet for utbygging har også vært et viktig moment i avgjørelsen, sier olje- og energiminister Einar Steensnæs.

Frå pressemelding OED 30.09.2003


Kjøsnesfjorden Kraftverk AS blei tildelt konsesjon for regulering av Trollevatnet og Langevatnet og til overføring frå 12 bekkeinntak for bygging av Kjøsnesfjorden Kraftverk av Kongen i statsråd 7. mai 2004. Konsesjonen innebar at nasjonalparkgrensa måtte flyttast tilbake i Lundebotnen, Kinnaklypa og Søgnesandsdalen.

Prosjekt

kk-verketEtter tildelt konsesjon starta detaljplanlegginga av kraftverket og tingingar med Veidekke ANS om nærmare detaljar ved utbygginga. Avgjerd om å starte utbygging vart teken våren 2006. For å spare kostnader vart utbygginga som totalentreprenørar delt mellom Veidekke ANS for fjell og betongarbeida og Andritz Hydro AS for elektromekanisk leveranse.

Den 29. mai 2006 fyrte ordførar i Jølster kommune Gerd Dvergsdal av første salva på kraftutbygginga i Kjøsnesfjorden. Med dette var ei ny større kraftutbygging i Norge i gang.

Prosjektendring

Vassmålingar i dei større elvane rundt Kjøsnesfjorden gjennom planperioden viste betydeleg større avrenning enn berekna i prosjektet. Dette saman med betydeleg mindre sommarregulering av Trollevatnet ville medføre overløp og fare for skadeflaumar på Lunde gjennom store delar av sommaren. I 2009 fekk ein godkjent konsesjonsendring. Langevatnet med pumping gjekk da ut av prosjektet og ein tok inn bekkeinntak Grytevatn som erstatning. Restfeltet til Langevatn skal oppretthalde vasspeilet og gje pålagt  minstevassføring i Lundeelva. Slukeevna i aggregatet blei og auka frå 8 til 12m3/s.

I drift

NY_eigarpai_KKEtter fire år med anleggsdrift i Kjøsnesfjorden, den 8. april 2010 overtok Kjøsnesfjorden Kraftverk AS arbeida frå Veidekke ANS. Anlegget sto då klart for testing og i driftsetting av teknisk leverandør. Den 17. april gjekk effektbrytaren inn for første gang og generatoren produserte energi ut på nettet. I juni var testar gjennomført og anlegget hadde vore igjennom ein etterfølgjande vellykka prøveperiode.

9.7.2010 overtok Kjøsnesfjorden Kraftverk AS maskinpakken frå Andritz Hydro AS. Med dette, etter to mannsaldrar med lokal draum om kraftutbygging, og over 15 år med plan-, søke- og byggeprosess gjekk Kjøsnesfjorden Kraftverk over i ordinær drift. Det var ein merkedag for Jølster.

21. september 2010 opna statsråd Terje Riis Johansen offisielt Kjøsnesfjorden Kraftverk.