Gå til innholdGå til toppen
Mennesker foran dataskjerm

Avdelingsleiar Transaksjonar – ei spennande leiarstilling

BKK og Sunnfjord Energi fusjonerer frå 1. september, og vi styrker satsinga i Sunnfjord og ytre Sogn med mange nye stillingar.

Ansvar for rekneskapsmessige transaksjonar for heile BKK-konsernet vert no lagt til Førde.

Vår nye leiar vil ha ansvar for å motivere og vidareutvikle avdelinga som består av totalt 15 medarbeidarar i Førde og Bergen. Ei viktig oppgåve blir å integrere dei to lokasjonane til éi eining. Stillinga er organisatorisk plassert i Økonomisenteret i BKK sitt Tjenestesenter, som også består av seksjonane Medarbeidertjenester og Forretningsstøtte. Tjenestesenteret skal sette kundane i fokus og levere effektive tenester av riktig kvalitet.

No ser vi etter ein dyktig leiar som er nysgjerrig og genuint opptatt av å utvikle framtidas transaksjonsteneste. Rolla er svært sentral i arbeidet med å vidareutvikle BKK og bidra til effektivisering og profesjonalisering på tvers av konsernet sine selskap. Du får vere med å utvikle og skape en effektiv og framtidsretta transaksjonsavdeling for BKK-konsernet.

Du vil ha ansvar for å sørge for gode, effektive og elektroniske prosessar for blant anna oppfølging av faktura, hovudbok og betalingstransaksjonar. Sentrale oppgåver vil elles vere:

  • Utvikle eininga i tråd med utvikling innan dette kompetanseområdet
  • Personalansvar, mål- og resultatansvar
  • Ansvar for avdelinga sitt arbeid med internkontroll i finansiell rapportering
  • Endrings- og forbetringsarbeid med bruk av for eksempel LEAN-metodikk og digitalisering
  • Følge opp lovendringar innan rekneskap, bokføring og MVA
  • Delta og ha ansvar for avdelinga si implementering av verksemdsendringar
  • Andre rekneskapsrelaterte oppgåver innanfor Økonomisenteret

Kven er du?

Vår idealkandidat har høgare utdanning innan rekneskap eller økonomi og i tillegg kompetanse om transaksjonsprosessar. Du bør ha inngåande kunnskap til gjeldande lovverk innan rekneskap, bokføring og MVA. Du er forbetrings- og utviklingsorientert, tydeleg og systematisk, med gode samarbeidsevner og evne til å utvikle organisasjonen og medarbeidarane. I tillegg trur vi at du vert motivert av utfordrande oppgåver og er kvalitetsbevisst og uthaldande i endringsprosessar.

Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Arbeidsstad: Førde

Kontaktpersonar:

Ellen C. A. Albrechtsen, mob: 411 21 461
Marit Moene, mob: 952 53 938

Søknadsfrist: 11.08.2019

Vi gjer merksam på at vi berre tek imot søknader via vårt elektroniske søknadsskjema: